Hopp til innhold

Veggedyr-snusaren Chilli har det travelt etter pandemien

Trass to år med pandemi er det stor spreiing av veggedyr. Før ny sesong og storinnrykk gjer camping- og overnattingsstadar sitt for å unngå dei små krypa.

I Hardanger gjer dei seg klare for storinnrykk, men det er nokre gjester Kinsarvik Camping ikkje vil ha.

– Eg håpar dei ikkje finn noko, seier dagleg leiar og innehavar Evald Hatten.

No skal nemleg alle hyttene bli undersøkte for veggedyr før sesongen startar for fullt.

Og det er ikkje kven som helst som skal gjera jobben. Det er nemleg ein hundepatrulje som skal på oppdrag.

Hundane har på seg dagens uniform. Ein gul refleksvest der det står tenestehund på. Dei er trente til å lukta berre ei lukt: Veggedyr.

Jan Helge Grimseid og hunden Cid

Jan Helge Grimseid og hunden Cid sjekkar sengene i hyttene.

Foto: Tale Hauso / NRK

På rundtur for å klarera

Dei er nemleg på rundtur på overnattingsplassar i Hardanger for å sikra og klarera.

Ein av dei er den ivrige hunden Chilli. Ein Working Springer Spaniel. Han er ein propell av ein hund.

– Chilli har vore godkjent i over seks år og er veldig glad i jobben sin, seier eigar Raymond Njøten, som er operativ leiar i AWD Tjenestehund

Han er ein spesialsøkshund som er lært opp til å leita etter levande blodtørstige veggedyr. Målet er å finna veggedyra før dei rekk å formeira seg og bli eit stort problem.

Inne i ei av hyttene blir vegger og møblar kjapt saumfare av ein snusande snute.

Raymond Njøten

CHILLI: Raymond Njøten, operativ leiar i AWD Tjenestehund og hunden Chilli.

Foto: Tale Hauso / NRK

Aukande problem

Veggedyr er eit aukande problem i Noreg.

Trass to år med pandemi er det mykje veggedyr på overnattingsstader i landet.

– Vi trudde grunna pandemien så skulle det avgrensa seg litt, men det har spreia seg meir internt i Noreg fordi vi reist meir i landet, seier Njøten.

Selskapet hans har berre fått meir å gjera, og det blir rapportert om meir veggedyr.

I utgangspunktet kjem den vesle, blodsugande billa frå subtropiske strøk, men varme hus og masseturisme har ført til at insekta har fått fotfeste også her til lands.

Njøten er klar på at å få veggedyr på overnattingsstadar i dag har ingenting med reinhald å gjera.

– Det har ingenting med dårlege rutinar, men det er rett og slett fordi ein har vore uheldig.

Evald Hatten, Kinsarvik Camping

Evald Hatten driv Kinsarvik Camping.

Foto: Tale Hauso / NRK

Gjer det for gjestane sine

I Hardanger er dei no føre var. Camping- og overnattingsstadar gjer sitt for å unngå dei små krypa. Hundane er difor på rundtur i distriktet for å sikra og klarera.

– Vi gjer det rett og slett for å ha respekt for gjesten vår. Slik at dei ikkje skal få med seg nokre dyr herifrå, seier Hatten ved Kinsarvik Camping.

Veggedyr

Slik ser det blodsugande insektet ut.

Foto: Tale Hauso / NRK

Dei blodtørstige veggdyra er vanskelege å bli kvitt. Det kan kosta deg dyrt. I verste fall må alt av ting bli fryst eller varmebehandla.

– Om du sit på toget, trikken eller flyet, så er det ein sjanse for at du kan få det i kofferten din. Og om du bur hos meg, så har eg og fått det, seier Hatten.

Kinsarvik Camping

RESPEKT FOR GJESTEN: Veggdyra er vanskeleg å bli kvitt. Hundane er difor på rundtur i Hardanger, mellom anna på Kinsarvik Camping.

Foto: Tale Hauso / NRK

Grundig gjennomgang

Han meiner det burde vore obligatorisk å bruka hundar.

– Alle som driv med overnatting burde hatt ei slik avtale. Om ikkje så kan dei spreia det vidare til oss andre.

Og etter ein grundig gjennomgang av alle hyttene, var det til slutt ingen veggedyr å finna.

– Det gjekk veldig bra. Ingen interesse frå hundane på nokon av hyttene og ingen funn, seier Njøten.

– Flott. Då er vi klare for ny sesong. Heldigvis utan veggedyr, seier ein letta campingeigar.