Hopp til innhold

Turistar krabbar under toget

Turistar på Myrdal stasjon tyr til risikable metodar for å kome seg på rett side av perrongen. Dei siste åra har det vore fleire tilfelle der turistar krabbar under toget.

Myrdal stasjon.
Foto: Halvard Alvik / Scanpix

- Ei risikabel handling som kan vere livsfarleg, seier gruppeleiar for Jernbaneverket sine togekspeditørar på Myrdal stasjon, Gulleik Ølmheim.

Til bladet Aurlendingen fortel lokomotivførarane at dei fryktar det kan skje alvorlege ulukker.

- Folk utan minste peiling på togtider eller om det er gitt signal for avgang krabbar under togsettet. Det er til og med folk som har teke med seg syklar og anna bagasje på krabbeturen. Det er livsfarleg, men det skjer, seier lokomotivførar på Flåmsbana, Egil Harald Bakketun.

Får panikk

Ølmheim stadfestar at det har vore ein del uheldige og farlege tilfelle knytt til krabbing under togsetta.

- Folk vert ståande fast på feil side av stasjonsområdet, og dette fører til både stress og til tider noko tilnærma panikk for å miste togavgangar på Bergensbana. I slike oppheta situasjonar har folk funne på å krabbe under togsett på Flåmsbana for å kome seg inn på stasjonsområdet, fortel leiaren for togekspeditørane.

Sperrar planovergangen

Togsetta som trafikkerer Flåmsbana om sommaren er nesten 200 meter lange. Det betyr at togsetta dekkjer den vesle planovergangen som gjer nytte som passasje for alle som kjem til Myrdal stasjon frå Rallarvegen, Reinunga, Vatnahalsen, Myrdal pensjonat og bustadane nedanfor stasjonsområdet. Det er ikkje andre vegar å kome inn på stasjonen, og alle gåande og syklane må difor nytte denne tilkomsten.

Problemet er at sporet på Flåmsbana må kryssast for å kome til billettkontor, venterom, kafeteria, toalett og ikkje minst for å kunne reise vidare med Bergensbana.Om sommaren med mykje trafikk står det togsett på Flåmsbanesporet store deler av dagen, og difor vel mange å krabbe under toget framfor å gå rundt eller gjennom togsettet.

Skal betre tryggleiken

Informasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket Vest kjenner problema. Han seier dei jobbar med planar for å hindre at folk kryssar jernbanelina på den livsfarlege måten. Både undergang og ein ny gangveg er aktuelle løysingar. Men ifølgje Hjertaas vert det ikkje gjort noko med problemet i år.