Hopp til innhold

Turistar ignorerer åtvaringane i Aurlandsdalen

Turistar trassar åtvaringane og går forbi rasstaden i Aurlandsdalen. – Eg får ein klump i magen, seier prosjektleiar for turstien.

Aurlandsdalen

RASSTADEN: Dei to turistane frå England går forbi rasstaden, sjølv om dei vart oppmoda til å ta ein annan veg.

Foto: Oddmund reisæter haugen

– Eg har sett verre enn dette, men vi skjønner at det er farleg, så vi skal vere forsiktige, seier Stephen Zeeman frå London. Han er på fottur i Aurlandsdalen saman med venninna Nikky Choppin.

I slutten av april gjekk det eit stort steinras over stien i Aurlandsdalen. Dette er ein populær tursti som over 25.000 personar nyttar seg av kvart år.

Sidan raset gjekk har det blitt åtvara mot å bruke stien fram til fjellsida har blitt reinska. Desse åtvaringane er det mange turistar som trassar.

Stephen Zeeman og Nikky Coppin

FOTTURISTAR: Stephen Zeeman og Nikky Choppin er i Noreg for å gå tur.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Vi såg ikkje noko skilt om arbeidet. Hadde vi sett dette på førehand hadde vi kanskje valt ei anna rute, seier Zeeman.

– Det var ei kvinne som fortalde oss om det då vi var på veg opp, men vi kjem til å gå gjennom og vere forsiktige, legg Choppin til.

Åtvaring

ÅTVARING: Der stien opp Aurlandsdalen startar, er det hengt opp åtvaringar mot å bruke stien.

Foto: oddmund reisæter haugen / NRK

– Klump i magen

– Eg får ein klump i magen når eg høyrer det. Når ein veit at det er lausmassar ovanfor stien, så kan det gå ille for dei som ferdast der, seier Snædís Laufey Bjarnadóttir i Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Ho er prosjektleiar for stien og har prøvd å nå ut med oppmodinga om å ikkje bruke turstien fram til sikringsarbeidet er ferdig.

– Eg aner ikkje kvifor folk går der likevel. Det er trist.

Eit fjellsikringsfirma er i gang med å reinske fjellsida over stien, men likevel kjem det folk som skal passere rasstaden.

– Vi har vakter på kvar side av rasområdet. Det har skjedd at folk absolutt skulle gå gjennom mens arbeidet held på. Dette gjer at arbeidet går saktare, fordi dei må stoppe opp for at folk skal passere.

Men å stengje stien heilt, er ikkje eit alternativ. Ifølgje Bjarnadóttir har ikkje dei myndigheit til det, og ho trur folk ville gått forbi sjølv om det var sett opp ei fysisk sperre.

No håpar ho at arbeidet med å sikre stien blir ferdig i løpet av veka.

– Vi håpar at stien er farbar til neste helg, men vi jobbar med naturen, så ein kan aldri garantere noko hundre prosent, seier ho.

Snædís Laufey Bjarnadóttir

PROSJEKTLEIAR: Snædís Laufey Bjarnadóttir jobbar i Nærøyfjorden Verdsarvpark og er ansvarleg for turstien i Aurlandsdalen.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK