Hopp til innhold

Turistar har funne vegen til 7000 år gamalt mysterium

BREMANGER (NRK): Helleristningsfeltet i Vingen har vorte eit populært reisemål, men ingen veit kva helleristningane eigentleg tyder.

Vingen-feltet i Bremanger kommune.

HJORT OG MENNESKESKJELET: Det er knytt mystikk til meiningsinnhaldet bak helleristningane. Det er rissa inn alt frå slangar til menneskeskjelett.

Foto: UIB/VirtuelleVingen.no

I 1910 kom Kristian Bing til Bremanger for å klatre i Hornelen og i fjella kring Ålfotbréen.

Men advokaten hadde også eit anna ærend. Dette var i «fossespekulanttida», og i Vingen snubla han over eit fossefall han såg store pengar i.

Men det var ikkje alt. For same plass snubla han også over noko anna: Hundrevis av helleristningar, nokre av dei gøymd under ein gamal kålåker.

Helleristing i Vingen-feltet, raudt stripete dyr.

KVAR BLOKK: Ifølgje arkeolog Lødøen er det helleristingar på nærmast kvar einaste steinblokk i området. På dei sørvende bergflatane er det hjort, på dei nordvende er både hjort og menneske avbilda.

Foto: UIB/VirtuelleVingen.no

Sidan har det vist seg at Vingenfeltet inneheld minst 2200 ulike ristingar, i all slags former.

Hjortedyr, slangevesen og skjelettmenneske. Men kva tyder dei?

– Eg trur aldri vi får den heile og fulle sanninga om Vingenfeltet, seier arkeolog Trond Lødøen ved Universitetsmuseet i Bergen, og omtaler det som «eit mysterium» utover at det «må ha noko med handteringa av etterlivet å gjere».

I fleire tiår har han studert bergkunsten langs den avsidesliggande fjordarmen i Bremanger kommune.

Men kvifor Vingen, av alle stader? Lødøen peiker på tre årsaker til at «dei kosmologiske kreftene» har vore så sterke akkurat her – iallfall slik våre forfedrar har oppfatta det.

For det første gjer plasseringa inst i fjorden at staden er heilt solmørk mellom oktober og mars; for det andre er det fossen (som Bing sørgja for at vart lagt i rør); og til sist er det dei spesielle vindforholda. Ordet «Vingen» er avleie av vind, og vind frå aust og vest lager hyppige skypumper.

Arkeolog Trond Lødal viser fram eit bilete av ei helleristing.

MYSTERIUM: – Eg trur aldri vi får den heile og fulle sanninga om Vingenfeltet, seier arkeolog Trond Lødøen ved Universitetsmuseet i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Vingen er ein plass der alle elementa har vore i sving, og der bergkunstnarane har kunne jobbe i fred, seier Lødøen, og minner om at biletkunsten har vore «ein skummel kunnskap» og forbunde med sterke tabu i nesten alle kjende kulturar.

Ein annan teori er at ristinga av alle hjortedyra heng saman med ei jaktform der steinalderfolket drev hjortedyra utfor dei bratte stupa kring Vingepollen. Men denne avviser Lødøen.

To guidar og fulle grupper

På grunn av slitasje og hærverk(!) vart det på åttitalet sett strenge restriksjonar på ferdsle i Vingenfeltet, og i 2002 vart landskapet freda av Riksantikvaren.

Sidan har det berre vore tillate å besøke staden i følgje med guide.

I mange år har difor besøket vore labert.

«Korona-sommaren» har snudd opp ned på dette, seier Martine Røys Nesbakk.

Ho er guide på dei organiserte turane, og har aldri tidlegare opplevd like stor pågang som i år.

– Det er så vidt meg kjent fyrste gong vi har reist ut med to guidar og fulle grupper. No dei siste fire vekene har vi vore utseld.

– Tidlegare har vi måtte avlyse turar fordi det ikkje har vore nok påmelde eller dårleg vêr.

Turistar og guide i Vingen

TALER TIL TURISTANE: Martine fortel om helleristningane på bergflatene og kva ein kan tenkje seg at dei betyr.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Spennande å spekulere

Christopher Coelho og Silja Yri Coelho er to av dei som denne sommaren har vitja Vingen for fyrste gong.

No vil dei grave meir i kva det kan vere som ligg til grunn for helleristingane.

– Vi veit jo ikkje kvifor dei er der, så det er ganske spennande å spekulere rundt det, seier Yri Coelho.

Turistar Vingen Helleristningsfelt

TOK TUREN: Silja Yri Coelho og Christopher Coelho vitja helleristningsfeltet for fyrste gong.

Foto: Seline Laren / NRK

PS. Bing kjøpte garden Vingen for 3000 kroner i 1913. Dermed fekk han hand om store fossefall som kunne høve for kraftutbygging. I 1917 selde han fallrettane vidare til skipsreiar H. Kunhle for 50.000 kroner – ei pen forteneste på fire år.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).

Arkeolog Trond Lødøen frå Universitet i Bergen i arbeid i Vingen-feltet.

I ARBEID: Ifølgje Trond Lødøen ligg det ei rekkje andre kulturminne i området, i tillegg til helleristingane. Både runesteinar, gravrøyser og gamle bustader er å finne langs den vesle fjordarmen.

Foto: UIB/VirtuelleVingen.no