På Stana, like ved Tyssedal i Hardanger, losna ei steinblokk på fleire tonn i dag ettermiddag. Steinblokka losna frå fjellet nokre titals meter bak eit bustadhus, som fekk hard medfart.
– Turistane er ved godt mot
I huset var to amerikanske turistar.
– Turistane kjem til å bu oppe hjå oss i natt. Dei tek det fint og er ved godt mot, seier huseigar Gro Hagberg.
Hagberg driv utleigeverksemda Stana gard.
Stana ligg ni kilometer frå Skjeggedal i Tyssedal, som er utgangspunktet for turen til Trolltunga.
Hagberg vart varsla av dei amerikanske turistane kort tid etter at steinen kom dundrande inn husveggen i ettermiddag.
– Trass i den ubehagelege situasjonen er alle rolege. Turistane tek dette med fatning, seier Hagberg.
Ein stein på om lag 15 tonn traff eit feriehus i Sørfjorden i Hardanger. To amerikanske turistar var i huset då steinen losna og hamna i husveggen.
Foto: Robert SchatnerAnslår vekta til rundt 15 tonnn
Drosjesjåfør Robert Schartner henta familien ei stund etter raset. Han seier familien ynskte å reisa til Odda sentrum for å koma seg etter sjokket.
– Turistane var nervøse. Dei skulle eigentleg vera heime, men måtte koma seg vekk frå huset. Dei tykte det var skummelt. Dei blei nok rysta når dei sat inne og fekk den steinen i veggen.
Schartner snakka med ein entreprenør som undersøkte steinen. Han anslår vekta på steinen til rundt 15 tonn.
– Eg tenkte at dette er vilt. Eg har ikkje sett noko liknande, seier Schartner.
Glad liv ikkje gjekk tapt
Huseigar Hagberg seier ho er glad ingen vart skadd. Skadene på huset får ho koma attende til.
– Praktiske ting får me koma tilbake til. Eg er glad for at ingen vart skadd.
Turistane skulle feriera i Hardanger til i morgon. Reiseplanane held fram som vanleg.
Kommunen varsla politiet
Politiet blei varsla om raset klokka 19.40. Det var Odda kommune som melde inn hendinga, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Bjarte Rebnord.
– Det har vore ein patrulje på staden og ein fagmann frå Mesta, som vurderte området. Han konkluderte med at evakuering ikkje er naudsynt, opplyser Rebnord.