Hopp til innhold

Briksdalsbreen krympar - men turistane sviktar ikkje

Briksdalsbreen held stand som turistmagnet, trass broten brearm og smelting.

Briksdalsbreen

KNEKT I TO: Briksdalsbreen blei delt i to i midten av august.

Foto: Steinar Lote / NRK

Klimaendringar og ein stadig mindre bre, gjorde at mange var svært spente føre årets turistsesong i Briksdalen. Men spådommane om turistsvikt er gjort til skamme.

Takka vere ein svært god cruisesesong i Olden og naturhungrige turistar, er besøkstala gode ved breen lengst inn i Oldedalen.

– Vi har dei siste par åra vore spente på korleis utviklinga ville bli. Men i sommar har vi hatt mange turistar. Så når vi ser tilbake på sesongen, er vi veldig nøgde, seier styreleiar i Oldedalen skysslag, Jon Olav Kvamme.

Har eit godt rykte

Jon Olav Kvamme

BETRE ENN FRYKTA: Jon Olav Kvamme i skysslaget seier sesongen blei god.

Foto: Steinar Lote / NRK

I sommar brotna breen i to og snøsmeltinga har ført til at breen krympar. Kvamme er samd i at dette er eit paradoks at turistane framleis kjem. Han trur breen held stand fordi den har eit godt rykte.

– Briksdalsbreen er veldig godt kjend, både nasjonalt og internasjonalt. Den har eit godt rykte både blant buss- og cruiseturistar frå mange stader rundt om i verda, så det er nok det som er forklaringa.

Stor naturoppleving

Sjølv om turistane ikkje kjem like nær breen som før, meiner Kvamme det likevel er ei stor oppleving å trass alt vere så nær. Og den våte sommaren har ført til at naturen i Oldedalen har blitt endå meir spektakulær.

– Opplevinga med å ta turen oppover dalen er stor, med mellom anna fosselandskapet. Det har også vore stor snøsmelting, slik at elva har blitt veldig store. Dette er ei flott oppleving for mange.

Spente føre neste sesong

Men Kvamme vedgår at cruisekaia i Olden har blitt svært viktig for dei.

– Vi har gjort oss meir avhengige av dei enn tidlegare. Når den andre marknaden har gått litt ned, er cruiseturistane viktige for oss.

– Er du spent føre neste sesong?

– Vi i denne næringa er alltid spente, for det kan vere ting ut i verda som påverkar og vi veit lite om framtida. Men vi har gode tal og bestillingar for neste år, seier han.