Hopp til innhold

Tunnelreparasjonane kan stogge andre vegprosjekt

Det vil koste fleire titals millionar å sette i stand Skatestraumtunnelen etter brannen førre veke, og pengane må fylkeskommunen ta frå andre prosjekt.

Inne i Skatestraumtunnelen

PRIORITERT: Å reparere skader på tunnelveggar og -tak, elektrisk anlegg og vatn og avløp i Skatestraumtunnelen (biletet) kjem til å bli prioritert, og kan stogge andre vegprosjekt, åtvarar fylkespolitikarane.

Foto: Flora Brannvesen

Fylkeskommunen har fått ein statleg pott til tunnelvedlikehald, men det er tvilsamt om den er stor nok.

– Vi har gjort ei kartlegging av alt behov for vedlikehald i tunnelane våre. Mykje av midlane frå staten er bundne opp, så vi fryktar at vi må ta midlar frå anna drift og vedlikehald, seier leiar i samferdsleutvalet, Arnstein Menes.

Eksplosjonen og brannen etter at eit vogntog mista hengaren med 16.500 liter bensin i Skatestraumtunnelen, har gjort svært store skadar. Etter ei synfaring av tunnelen torsdag ettermiddag sa regionvegsjef Helge Eidsnes at det vil ta eit halvt år og koste fleire titals millionar å reparere tunnelen.

– For tidleg å seie kven som mistar midlar

Slike summar kan det bli svært vanskeleg for ein allereie økonomisk pressa fylkeskommune å kome opp med.

– Det betyr konkret at vi risikerer at andre ting som ikkje har same prekære behov blir utsette, sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) under synfaringa.

Arnstein Menes seier det er for tidleg å seie kva prosjekt som kan måtte vike for tunnelarbeidet, men nemner asfaltering som døme.

– Det kan vere dekkelegging og andre drifts- og vedlikehaldsoppgåver. Vi må berre sjå på det når vi får dei konkrete kostnadsoverslaga etter det som har skjedd, seier Menes.

Skatestraumtunnelen blir stengd i eit halvt år

STORE SKADAR: Skadane etter den eksplosive brannen førre onsdag vil ta månadar å reparere.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Vil sjekke om staten kan hjelpe

Fylkesordføraren meiner politikarane ikkje har noko val og må bidra i Bremanger, og ho indikerer at statleg hjelp må undersøkast.

– Det er ting vi kjem til å undersøke etter kvart, når vi veit kor mykje det vil koste og kor lang tid det vil ta.

Også Menes er klar på at dei vil undersøke moglegheitene for hjelp frå sentrale styresmakter.

– Vi vil gjere eit forsøk med staten, og sjekke om det går an å få midlar derifrå til reparasjonane i tunnelen, seier han.