Slår tilbake mot Vegvesenet etter at steinar knuste bil på E39: – Dette skal ikkje skje

Familiefar opplevde marerittet då steinblokk knuste bilen. No får Statens vegvesen kritikk for å ha sagt at dette er noko som kan skje i norske tunnelar.

Trodaltunnelen

ENGLEVAKT: Grzegorz Mazur, føraren av bilen, hadde englevakt og blei ikkje skada i ulukka på høgt trafikkerte E39.

Foto: Therese Pisani / NRK

Torsdag førre veke var Grzegorz på veg for å henta familien på Bergen lufthavn, då ei eitt tonn tung steinblokk smadra bilen hans i tunnelen på E39.

– Eg har fått eit nytt liv, ein slags ny sjanse i livet, sa Grzegorz Mazur til NRK nokre timar etter ulukka.

Berre flaks gjorde at Mazur kom uskadd frå dramatikken på den trafikkerte europavegen.

Same dag fall det ned stein i Frudalstunnelen på riksveg 5 i Sogndal.

Dagen etterpå køyrde bilistar inn i stein som låg i vegbana inne i Fjærlandstunnelen, lenger nord på riksveg 5.

Grzegorz Mazur saman med ungane Martina (16), Jakub (14) og Karolina (19)

LETTA FAMILIE: Grzegorz Mazur saman med ungane Martina (16), Jakub (14) og Karolina (19) etter ulukka.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Krev fleire svar

Gunnar Gjæringen har tunnel som sitt spesialfelt og har jobba i Statens vegvesen i nesten 30 år. I etaten jobba han både som tunnelkontrollør og med ansvaret for tryggleiken i tunnelar i Hordaland.

Han reagerer på at det berre dagar i førevegen var gjort ein inspeksjon i fleire tunnelar på E39, deriblant Trodaltunnelen.

Trodaltunnelen ligg på E39 mellom Bergen og Førde.

– Dette skal ikkje skje. Spesielt ikkje når det er nyrehabilitert tunnel og det attpåtil står at det har vore inspeksjon etter at overtakinga var eit faktum, seier han til NRK.

Statens vegvesen gjekk tidleg ut og beklaga ulukka, og slo fast at norske tunnelar er trygge.

Ein må likevel rekna med at steinnedfall kan skje, all den tid fjellet rører på seg, poengterte avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen til NRK.

Men tunnelveteran Gjæringen fell ikkje til ro med utsegnene frå Statens vegvesen.

Han meiner fleire spørsmål står utan svar etter episoden i Trodaltunnelen. Han set blant anna spørsmålsteikn ved kva slags inspeksjon som vert utført.

Trodaltunnelen

SMADRA: Grzegorz Mazur sat aleine i bilen under ulukka.

Foto: Therese Pisani / NRK

– Veldig trist

Tunnelen har nyleg gjennomgått omfattande oppgraderingar.

Kontrakten på over hundre millionar kroner som blei inngått i 2018 innebar oppgradering av elektriske og styringstekniske installasjonar, anlegg og byggteknikk.

Overleveringa skjedde i 2020.

– Det er veldig trist. Dette burde ikkje skje. Desse arbeida må ha blitt godkjende og overleverte. Anten er det ein miss, ei rein tilfelle eller noko inspektørane har oversett, seier han.

Gunnar Gjæringen, tidligere seniorrådgiver i Statens vegvesen

STILLER SPØRSMÅL: Gunnar Gjæringen, tidlegare senioringeniør i Statens vegvesen, seier at slike steinnedfall ikkje skal skje.

Foto: Statens vegvesen

Utsette fjellreinsk

Svenn Egil Finden opplyser at det var vedlikehaldsentreprenøren Mesta som køyrde halvårig inspeksjon i dagane før steinen på eitt tonn fall ned frå taket på Trodaltunnelen.

– Ved slik inspeksjon blir det sjekka om det kan vere noko som må gjerast noko med, seier Finden.

Tunnelen vert undersøkt visuelt gåande og i lift av erfarne folk, der ein sjekkar vatn- og frostsikring og om det er forhold som krev ein grundigare gjennomgang.

– Heile tunnelen vart karakterisert som «god» i våre system, seier Finden.

Men i slike halvårige inspeksjonar vert det ikkje gjort såkalla spettreinsk, altså ein reinsk av fjellet.

Inspeksjon i Trodaltunnelen tre dager før steinnedfall

INSPEKSJON: Bildet er frå inspeksjon tre dagar før steinnedfallet i Trodaltunnelen. Heile tunnelen vart karakterisert som «god».

Foto: Statens vegvesen

På riks- og europavegar er det krav til at slike undersøkingar vert gjennomført med fem års intervall.

Då går entreprenøren over fjellet med spett og høyrer om det er bomlydar i fjellet og reinskar ned laust fjell. Bomlyd indikerer lause massar i fjellet, og krev utbetring – anten ved reinsking eller ved å sikra partiet med boltar.

Ein slik fjellreinsk blei sist gjennomført for 7 år sidan i Trodaltunnelen, i 2014, opplyser Kenneth Lysgård i drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

– Det var planlagt fjellreinsk i 2019, men dette vart utsett på grunn av at oppgradering av tunnelen gjekk føre seg, og at det da blei gjort ein del reinsk og arbeidssikring for å sikre de som jobba i tunnelen. Neste reinsk er planlagt innan 01.05.2022, skriv han i ein e-post.

I gjeldande kontrakt på E39, som starta opp i september 2019, vert det gjort med 3 års intervall.

– Ein slik inspeksjon er svært tidkrevjande, og krev at ein går over heile tunnelen med spett, seier Finden.

Stein fall ned i Trodaltunnelen på E39

STEIN FALL NED: Steinen etter ulukka på E39 Trodaltunnelen.

Foto: MESTA

– Ikkje utført rehabilitering

Finden understrekar at det har vore utført ein oppgradering, og ikkje rehabilitering av tunnelen.

– Det er dei tekniske installasjonane og den tryggingstekniske utrustinga ein har gått gjennom. Då veit også Gjæringen at det tunnelsikkerheitsforskrifta som gjeld ved inspeksjon og overtaking, seier Finden.

Han viser også til entreprenøren Birkeland Entreprenørforretning også har utført ein del reinsking, sikring og bolting for å ta vare på dei som jobbar i tunnelen.

Burde ikkje det at dei har utført reinsking, sikring og bolting også utløysa at ein går gjennom tunnelen med spett for å høyra etter bomlydar ved overtaking?

– Det ville vorte alt for tidkrevjande. Dessutan vert denne inspeksjonen tatt opp i den treårige intervallane, seier Finden.

Trodaltunnelen

TRODALTUNNELEN: Det er sju år sida det vert gjennomført ein grundig kontroll av fjellet med spett.

Foto: Therese Pisani / NRK

Han seier at norske vegar statistisk sett er dei tryggaste i heile verda, sett ut frå skadestatistikk.

– Det er i tunnelane det skjer færraste ulukker per køyrde meter.

– Eg meiner det er vanskeleg å retta kritikk her. Det er mykje som kan ha skjedd som me ikkje har føresetnader for å vita. Me vil uansett gå gjennom alle desse tre hendingane for å finna ut om det er noko i våre rutinar som kan gjera det enklare å avdekka slike ting, seier Finden,

– Ein kan ha oversett noko

Finden seier det er vanskeleg å svare på om noko kan ha svikta i den halvårlege inspeksjonar som vert gjennomført tre dagar før ulukka.

– Er det noko som har svikta i gjennomgangen?

– Ein kan ha oversett noko. Ting kan også ha skjedd, som ikkje er råd å sjå med det blotte auga. Ein lastebil kan ha kome borti taket og gjort skader som kan resultera i steinnedfall seinare. Me har ingen indikasjonar på at det skal ha skjedd her, men me veit frå tidlegare at slike hendingar har påført tunneltak skader, seier han.