Hopp til innhold

Skrikebergtunnelen opna for manuell dirigering

Naudetatane har rykt ut til Skrikebergtunnelen på E39 i Gulen, etter melding om røykutvikling frå ein bil.

Røyk frå bil

Politiet fekk melding hendinga 13.07

– Dei som var i bilen skal ha kome seg ut av tunnelen, seier operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt

Han har førebels ikkje oversikt over kor mange som var i bilen.

– Det vi har fått opplyst er at det ikkje skal vere fleire bilar i tunnelen, seier Magnussen.

Klokka 13.45 melder politiet at det er manuell dirigering på staden. Dei opplyser at det er ein del oljesøl, men ikkje mykje røyk i tunnelen.

– Det er ikkje meldt om personskade. Det viktigaste er at det ikkje er brann og at det no er under kontroll, seier Magnussen.