Hopp til innhold

Tungt ritt Jølster rundt

Eit tetfelt på 13 kom likt over mål i søndagens sykkelritt Jølster Rundt. alle 13 fekk tida  2.15.14.

Frå starten av Jølster Rundt.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Magne Faleide
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Det vart eit tungt ritt på grunn av vind, seier rittleiar Magne Faleide. I år var løypa lagd om. Starten var som vanleg i Førde sentrum, men målgangen var lagd til Kusslida ved Movatnet.

Årsaka til omlegginga er at arrangørane ikkje ser det som forsvarleg å ha dei to rundkøyringane på innfartsvegen til Førde sentrum som ein del av innspurten i rittet.

Dei som var i tetfeltet og som alle hadde tida 2.15.14 var:

Klasse 16-19 år: Sondre Austrheim, Sogn Ck, Håvard Gutubø Bogetveit, Førde CK, Kristoffer Sommer Wormsen, Ullensaker.

Klasse 20-29 år: Dag Otto Sindre Hoff, MX sport, John Inge Kusslid, Førde CK.

Klasse 30-39 år: Roger Dahle, Bergen, Geir Nygård, Førde CK, Kjell Olav Kusslid, Førde CK, Bernt Ullebø, Hydro BIL, Mikale Johansen, Florø CK, Einar Fossheim, Førde CK, Stig Engen, Fana sykkel.

Klasse 40-49 år: Finn Lorentz Bjørkum, Stord, Jan Rolland, Bergen.