– Han ramla medan han var inne til utgreiing, men er likevel ikkje sjuk nok, seier sonen, Erlend Styve.
Det kom mange reaksjonar då han la ut bilete av far sin full i blåmerke på Facebook i mai. Trygve Styve hadde då ramla fleire gongar, men Voss kommune meinte framleis at han var for frisk for fast sjukeheimsplass.
Nittiåringen fekk mellombels omsorgsplass i juli, og har vore til utgreiing i sommar.
Skuffa og lei seg
I dag var konklusjonen klar. Trygve er framleis for frisk til å bu permanent på sjukeheim.
No får han tilbod om omsorgsplass på Vossestrand, om lag 25 kilometer frå kona som har fast plass på Voss sjukeheim.
– Han er veldig skuffa og lei seg no. Han er takksam for at han får vere ein plass der han blir teken vare på, men dette er inga god løysing for han, seier Erlend Styve.
Får tilsyn døgnet rundt
Styve understrekar at dei er nøgde med at faren no får tilsyn heile døgeret, men synest det er trist at han ikkje er nærare kona si.
– No må han bli frakta ein halvtime i bil når han skal besøkje ho, og det avgrensar kontakta mellom dei.
Han fortel at Trygve har kost seg i sommar. Då var det berre ein etasje mellom han og ektefellen.
– Han syns det var heilt topp. Dei har hatt dagleg kontakt slik ektefolk skal, seier Erlend Styve.
Ektefellar kan få dobbeltrom
Kommunalsjef for helse og omsorg i Voss kommune, Kjersti Nordanger, vil ikkje kommentere enkeltsaker. Ho seier at dei alltid kartlegg kvar enkelt, både fysisk og kognitivt, før dei vurderer kva for omsorgstilbod dei kan gje.
Nordanger seier at ektefellar som ønsker å bu saman kan søke om dobbeltrom.
– Praksisen i Voss kommune er at når ektepar har eit sterkt ønske om å bu i lag, så får dei gjerne det på eit dobbeltrom.
Ho fortel at eit slikt tiltak kan vere aktuelt både når berre ein av ektefellane er omsorgstrengande, men også når begge er det.
– Det er fullt mogleg å gå i dialog med tildelingskontoret om dette, seier Nordanger.
Gjev ikkje opp kampen
Erlend Styve forklarar at det av medisinske årsaker ikkje er aktuelt for foreldra å bu på eit dobbeltrom.
– Det vi ynskjer er at begge får kvart sitt rom på same institusjon.
Han fortel at både han og systera Solgunn Styve ikkje vil gje opp kampen enno.
– Vi må berre stå på no, og setje lys på galskapen. Dette er eit stort problem, ikkje berre på Voss. Det er viktig at nokon gjev beskjed, seier han.