Hopp til innhold

Fryktar kaos under sykkel-VM – ber folk innstendig om å la bilen stå

Hundretusenvis av menneske er venta til Bergen når sykkel-VM går av stabelen i september. – Biltrafikken bør halverast på hovudvegane, slår Vegvesenet fast.

NM SYKKEL 2012 - GATERITT BERGEN

TRAFIKKSTOPP: Statens vegvesen ber folk innstendig om å la bilen stå under sykkel-VM i september. Store deler av Bergen sentrum blir lamma når gatene blir stengd av.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Vi er avhengige av at veldig mange personbilar kjem seg vekk frå vegen. Viss ikkje vert det kaos, seier avdelingsdirektør Olav Finne i Statens vegvesen.

16. september går startskotet for sykkel-VM i Bergen. I ni dagar skal ulike ritt føregå i store delar av Bergen, Askøy, Fjell og Øygarden. 1.150 utøvarar vil delta, og det er venta over 500.000 tilskodarar. Dette får òg konsekvensar for trafikken.

– Det er viktig at folk innrettar reisevanane sine på ein annan måte. På E39 vil det vere ein fordel om halvparten av personbilane er vekke i desse dagane, seier Finne.

Kan ikkje anna enn å be fint

Finne vedgår at vegvesenet ikkje har andre verkemiddel enn å be folk fint om å la bilen stå i dagane 16.–24. september.

– Men vi har stor tru på at feststemte bergensarar er velvillig innstilt, og vil reise på ein slik måte at dette kan fungere bra for alle.

Fellesstart trasé sykkel-VM i bergen

TRASÉEN: Løypetrasé i Bergen sentrum for fellesstarten under sykkel-VM.

Foto: Bergen 2017

I tillegg slår Vegvesenet fast at kollektivfelta må stengast for elbilar, som vanlegvis har lov å nytta desse felta.

– Det viktigaste er så sikre at bussane kjem fram, då dei kan frakta mange fleire folk enn elbilane, seier Finne.

I eit parkeringshus i Bergen møter NRK fleire bilistar som ikkje ser ut til å vere nemneverdig bekymra for trafikkproblem under sykkel-VM.

– Det er berre å la vere å køyre, eg reiser ikkje til byen heller, seier ei av dei.

Heller ikkje Olav Valle og kona Grete tar tungt på vegvesenet si bøn om å la bilen stå.

– Bergensarane får reise på ferie, ein har berre godt av å kome seg vekk litt.

Vil gjere det same på Sotra

Avdelingsdirektør Olav Finne i Statens vegvesen.

SPØR FINT: Olav Finne i Statens vegvesen har ikkje andre verkemiddel enn å be folk fint om å la bilen stå under sykkel-VM i september. Samtidig slår han fast at kollektivfelta må stengast for elbilar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Heller ikkje på den rush-belasta vegen mellom Bergen og Sotra har vegvesenet andre verkemiddel enn å be billastane om å la bilen stå.

Finne meiner ein må gjere det same i dette området, fram til eit nytt Sotra-samband står klart om sju år.

– Fram til dess vil køane berre bli endå verre enn dei allereie er, om ikkje folk brukar bilen mindre. Dei tiltaka ein kan setje inn har vi på mange måtar allereie sett inn, med at vi har brukt kollektivfeltet i Drotningsvik og lyskrysset i Valen. Skal vi gjere meir no, må det vere tiltak for å få folk til å køyre mindre bil. Vi kan i alle fall ikkje få meir trafikk på Sotrabrua, seier Finne.