- Med denne kontrakten legg vi til rette for at dykkarindustrien i Noreg skal få eit løft både på den teknologiske sida og når det gjeld arbeidsforholda og tryggleik for dykkarane og dykkarstøtte-personell, seier seniorfagleiar på dykking i Statoil, Einar Woll Svendsen.
20 år gammalt utstyr
Dykkarsystema i Nordsjøen har ikkje vore oppgradert sidan 80-talet.
I dag vert arbeidsmiljøet i trykk-kammera styrt manuelt. No skal alt skje via data og overvaknings- og alarmsystema skal styrkast.
- Prisverdig
- Det er prisverdig dersom dei får dette på plass, seier Leif Johansen som er inspektør i Norsk Olje- og Petrokjemisk Fagforbund (NOPEF).
Han meiner det gjenstår å sjå om kontrakten blir halde. Dersom ein ikkje tryggleik og arbeidsforhald blir betre vil samfunnet måtte betale erstatninger, trur han.
Det er Technip Offshore Norge som har fått kontrakten til ein verdi på 4 milliardar kroner. Det moderne dykkarskipet skal stå ferdig i 2007.