Hopp til innhold

Familie i Jakarta: – Vi kunne vore der det eksploderte

– Det er litt ekkelt, seier Wenche Eikum som handlar i området der det har vore fleire eksplosjonar i dag.

Wenche Eikum

KJENNER SEG TRYGG: Wenche Eikum seier familien opplever byen som trygg, sjølv om Jakarta vart råka av terror i natt og fleire vart drepne i nærleiken.

Foto: Privat

– Det kunne vore vi som var i området i dag. Heldigvis var dottera vår på skulen som er amerikansk. Der er det svært strenge tryggingstiltak, så ho var trygg der, seier Wenche Eikum.

Ho og familien med ektemann og ei 8 år gamal dotter bur i Indonesia i Jakarta. Hovudstaden har vore herja av eksplosjonar i natt og minst sju menneske er drepne. Den indonesiske ministeren karakteriserer dei mange eksplosjonane for eit terroråtak, og jaktar fleire gjerningsmenn.

Fekk ein støkk

– I dag var vi ikkje der, men eksplosjonane skjedde i eit område der vi ferdast, og eg har vore fleire gongar i senteret som er rett ved der det har vore eksplosjonar.

Ektemannen, Ole er heime i Norge for tida. Så for Wenche Eikum, som opphavleg er frå Volda, vart starten på dagen dramatisk då meldingane om eksplosjonane tikka inn.

– Det er klart at når meldingane om eksplosjonar og døde kom, så sette det ein støkk i oss. For sjølv om vi bur i ein millionby så kjenner vi oss veldig trygge her. Så vi fekk nok litt sjokk, seier ho.

Familien Schanke Eikum

FAMILIEN: Far, Ole Schanke Eikum, var heime i Norge då eksplosjonane råka Jakarta i natt. Mor Wenche Eikum var glad dottera var trygg på skulen.

Foto: Privat

Eikum har i løpet av dagen blitt kontakta av ambassaden som ringde rundt til alle som dei har kjennskap til bur i byen.

Har råka plassar med mykje folk

– Meldingane som kom i starten var veldig sprikande, og det er det framleis. Eg les litt på ulike sosiale medium og i avisene her, og det spriker framleis. Men det verkar som om det var nokre sjølvmordsbombarar og nokre bomber som var utplasserte. Så var det skyting litt på vilkår ute i gatene på forbipasserande.

Plassane som har blitt spesielt råka er blant anna ein Starbucks-kafé og andre restaurantar som samlar mykje folk.

Døde mennesker på gata etter eksplosjoner i Indonesia

SJU DØDE: Førebels er sju drepne i terroråtaka i Jakarta.

Foto: BEAWIHARTA / Reuters

– Det er mange typisk amerikanske kjedar i dette området der eksplosjonane har vore. Det er jo veldig mange som brukar å ete lunsjen sin på desse stadane.

Strenge tryggingstiltak i byen

Familien har vore busett i Jakarta i fire år. Men slike åtak som ho har opplevd i dag har ho ikkje sett tidlegare.

VOLDA (NRK): I Nautvika i Volda følgjer Berit og Roald Nautvik spent med på situasjonen i terrorråka Jakarta i Indonesia. Dottera Wenche Eikum bur i den indonesiske hovudstaden.

SJÅ VIDEO: I Nautvika i Volda følgjer Berit og Roald Nautvik spent med på situasjonen i terrorråka Jakarta i Indonesia. Dottera Wenche Eikum bur i den indonesiske hovudstaden.

– Det var eitt åtak på Mariott hotell for nokre år sidan, og der er det framleis svært strenge kontrollar for å komme inn. Det er det eigentleg over alt, vi blir screna uansett om vi skal på eit kjøpesenter.

Familien skal uansett flytte heim att til Sogn i slutten av juni. Det gjer ekstra godt etter dagens hending.

– Det er nok langt tryggare i Gaupne, men vi kjenner oss trygge her og, smiler Eikum.

Her råka eksplosjonen

HER EKSPLODERTE DET: I gata, midt i bilete, skjedde nattas eksplosjonar. Bilete er tatt frå ein restaurant familien besøkte for ei veke sidan.

Foto: Wenche Eikum