– Eg jubla veldig stort. Eg har hatt klokkartru på Aleksander heile vegen, seier Elin Hæreid.
Aleksander Øren Heen, ordførarkandidaten til Senterpartiet, sjokkerte alle med resultatet i Årdal. Framgangen på heile 24 prosentpoeng gav åtte mandat i kommunestyret. Heen forhandlar i ettermiddag med Venstre, Høgre og MDG om å vippe Ap av trona for første gang sidan 1950-talet.
– Eg håpar me på lang sikt greier å samle oss om eit fellesskap, at me får slutt på konflikten mellom Øvre Årdal og Årdalstangen, og samlar oss som årdølene me er, seier Hæreid, som kjem frå Årdalstangen.
- Les også:
Djupe konfliktar – trur på samling
Konfliktane mellom dei to tettstadene i industrikommunen i Sogn har auka på dei siste åra. Kommunestyret, med stort Arbeidarparti-fleirtal, har vedteke at Årdal berre skal ha eitt legesenter, og at det skal vere i Øvre Årdal. I tillegg er butikkdøden på Årdalstangen stor.
- Les også:
- Les også:
Elin Hæreid trur valsjokket, som mellom anna er eit resultat av at mange på Årdalstangen har vendt Arbeidarpartiet ryggen, kan gjere kommunen godt.
– Eg trur det kan vere samlande fordi det altfor lenge har vore eit stort skilje mellom dei 12 kilometrane. Og eg trur det kan vere samlande fordi Ap ikkje lenger har den store makta i kommunestyret. Då må me byrje å samarbeide på eit anna nivå.
Det er eit inntrykk fleire på gata i Årdalstangen deler.
– Eit samla Årdal. Ei samling av Øvre Årdal og Årdalstangen, seier Wenche Clausen om sitt ønske om endring i kommunen.
– Sunt for bygda
Eit anna ord som går igjen når folket på Årdalstangen skal skildre kva dei meiner om skiftet, er «sunt»:
– Det var eit kjempeflott resultat. Det er flott med nye krefter, me treng det i Årdal. Det betyr at me får vere med å bestemme litt alle saman, ikkje berre Ap. Eg trur det berre er sunt, seier Jan Frode Hovland.
– Vi står att med for lite på Årdalstangen. Velferda fer til Øvre Årdal. No kjem det andre meiningar inn i kommunestyret. Det kan vere sunt, seier John Smedegard.
– Det var heilt flott. Det er sunt med nytt, friskt blod. Det blir eit mangfald. Ap har hatt altfor mykje dei skulle sagt, seier Marit Sletten.
Spente på framtida
– Kva trur du dette resultatet vil bety for kommunen?
– Eg trur ikkje det skjer så mykje med det første. Men på lang sikt trur eg det kan gjere godt for bygda, seier Sletten
Uansett resultat av forhandlingane i ettermiddag, er Wenche Clausen spent på kva resultatet av det nye politiske landskapet blir.
– Det blir spennande for Årdal framover med litt endring i kommunestyret. Eg håpar det vil bli positivt for Årdal, men framtida vil vise, seier ho.