– Det kan sjå ut som det er ein fugl. På slutten av opptaket ser det ut som storskarv eller ein lom, altså ein større dykkande fugl som sym ganske bestemt mot venstre og skaper litt bølger etter seg.
Den mangeårige generalsekretæren i Norsk Ornitologisk Forening og sjøfuglekspert Kjetil Solbakken har sett videoen av det som blir hevda å vere ein ubåt som går gjennom Dalsfjorden i Sogn og Fjordane fleire gongar.
– Når ein fugl sym ganske bestemt og så fort som den kan i ein retning så kan det vere i samsvar med det ein ser på opptaket med bølgjer etter seg.
– Det er klart det hadde vore betre å sjå det i levande live, men eg ville vore forsiktig med å blåse ubåtalarm etter å ha sett dette opptaket, seier Solbakken.
Forsvaret gjorde ingenting
Det var i påskeveka i år at innbyggjarar rundt Dalsfjorden i Sogn og Fjordane observerte det som likna ein ubåt som gjekk med periskopet oppe gjennom fjorden.
Det var nettstaden AldriMer.no som først omtalte saka. Vitne melde frå til politiet, og politiet varsla Forsvaret. Men Forsvaret meiner det ikkje er ein ubåt.
– Vi har ikkje konkludert med at det er ein ubåt. Vi har sett på bileta, og vi har ikkje konkludert med at dette er ein ubåt. Det er eit mistenkeleg objekt. Det er ikkje noko ubåtobservasjon, sa pressetalsmann ved FOH, oberstløytnant Ivar Moen tidlegare til NRK.
Valde å slå alarm
Men ein som ikkje tvilar på det han såg og filma 21. mars i år er Frank Vik. Det var han som melde frå til politiet om kva han hadde sett.
– Eg er heilt sikker på kva eg såg, sjølv om eg ser at enkelte dreg det i tvil. Eg tenkjer heller at det er dei som har eit forklaringsproblem, ikkje eg, sa Frank Vik til NRK fredag.
- Les også:
No trur altså ornitologar at det kan vere ein sjøfugl som har tatt seg gjennom fjorden.
Får støtte
– Eg såg filmen før eg vart kontakt i dag og då tenkte eg at det såg ut som ein storskarv, men at det er vanskeleg å vere sikker.
– Dalsfjorden ligg midt i Sunnfjord, midt i Sogn og Fjordane på Vestlandet, er det ein fugleart som normalt er her?
– Det vil eg tru utan å vere detalj-kjend. Storskarv finst langs heile vestlandskysten. At den kan vere der er heilt openberr.
Solbakken får støtte frå leiaren i Norsk Ornitologisk Forening, Michael Fredriksen.
– For meg kan dette sjå ut som ein sjøfugl. Ein skarv, seier han til NRK.no.