Hopp til innhold

Trur terroren vil prege valkampen

Stortingspolitikar Ingrid Heggø har sjølv fleire gonger vore på sommarleir på Utøya. Ho vanskeleg med å ta innover seg tragedien som har råka ungdomspolitikarane i partiet.

Ingrid Heggø.

I SORG: Stortingspolitikar Ingrid Heggø (Ap) oppmodar folk til å stå saman i sorga.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Det er ein ufatteleg tragedie der ein mann har angripe uskuldige ungdomar, seier Heggø.

Må få hjelp

Heggø seier at det no er viktig at dei som har opplevd skytinga på Utøya får god hjelp

– Og så trur eg det er viktig at vi alle saman står samla, og ikkje lar frykta få vinne, seier Heggø.

Fylkesleiaren i AUF Hanne Kristine Fridtun (20) frå Stryn er sakna. Ingen har høyrt frå henne sidan fredag kveld om lag klokka 18.30.

– Mine tankar går først og fremst til dei som er ramma og deira pårørande, seier stortingspolitikaren.

– Eit angrep på det opne samfunn

AUF-leiar Eskil Pedersen sa tidlegare i dag at det ikkje er tvil om at det er AUF som var målet for drapa.

– Kva tankar gjer du deg om at det er ungdom som vert angripne?

– Det er ufatteleg. Det er eit angrep på noko av det flottaste som Ap og AUF står for, nemleg det å ha eit inkluderande og ope samfunn.

Heggø sine to søner har også fleire gonger vore på sommarleiren på Utøya. I år var dei ikkje til stades.

– Eg kan ikkje førestelle meg korleis foreldra til ungdomane må ha det, seier Heggø.

Annleis valkamp

– Korleis vil hendinga prege Sogn og Fjordane og Norge i tida framover?

– Eg trur vi vil merke dette i valkampen. At det vert ein meir dempa valkamp, der frontane ikkje er så harde, seier Heggø.

– Ein er i djup sorg, og klarar ikkje å fighte på same måten, seier Heggø.

Heggø meiner det viktigaste er å halde saman og klare å behalde Norge som det flotte landet det er.