Trur Sp-Moe kan vera ferdig

Dersom ikkje avsendaren av sjikanemeldinga til Liv Signe Navarsete står fram onsdag, melder partileiinga saka til politiet. Fylkesleiar i Hordaland Senterparti, Jostein Ljones, trur Sp-nestleiar Ola Borten Moe si politiske karriere kan vera over dersom ingen melder seg. – Det er ganske opplagt at det blir vanskeleg for han å koma tilbake, viss ikkje denne saka får si løysing, seier Ljones til Bergens Tidende.

Jostein Ljones
Foto: Jan Kåre Ness, Jan Kåre Ness / NTB scanpix