Hopp til innhold

Trur spennande VM-kampar gjer at sjakksporten får eit oppsving

Brettspelentusiast Erlend Os frå Nordfjordeid følgjer spent med på sjakk-VM som går føre seg i India i desse dagar.

Magnus Carlsen og Vishy Anand/Erlend Os (Montasje)

TRUR SJAKK BLIR MEIR POPULÆRT: Mykje står på spel når Magnus Carlsen og Vishy Anand møtast i VM-kamp. Erlend Os (til høgre) trur at sporten blir meir populær etter dei spennande sjakkpartia under VM.

Foto: Erlend Aas, NTB scanpix/Alise Johansen

Os håper at all merksemda rundt Magnus Carlsen kan føre til at sjakksporten får eit oppsving i populariteten her til lands.

– Det at vi har ein nordmann som Carlsen med, betyr mykje for sjakksporten, seier han.

Kvitt gir ein fordel

Med tredje VM-kamp mellom Vishnu Anand og Magnus Carlsen i gang på fjernsynet, er brettspelentusiast Erlend Os frå Nordfjordeid gripen av spenning. Medan meistrane speler, har Os utfordra NRK-reporten til eit parti av det klassiske brettspelet.

– Har du lyst å vere kvit eller svart? Kvit har ein liten fordel, særleg på høgt nivå, seier han.

Eit spel utan flaks

Magnus Carlsen

DJUP KONSENTRASJON: Magnus Carlsen under ein av VM-kampane i India.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Sjakk blir også kalla brettspelet over alle brettspel. Ein reknar med at sjakken såg dagens lys i Asia på 600-talet. Seinare brakte arabarane spelet til Europa, der dagens spelereglar oppstod.

Erlend Os framhevar mangelen på flaks som eit av dei viktigaste kjenneteikna ved spelet.

– Sjakk er eit spel der det ikkje finst flaks. Alt på brettet kan reknast ut, for all informasjonen ligg der. Er ein smart, kan ein rekne ut kva motparten kan gjere. Det handlar om analytisk ferdigheit, å rekne ut kva som vil skje framover. Det handlar også om førehandskunnskap, seier han.

Brukar månader på å studere motstandaren

Og nettopp førehandskunnskap og førebuingar er sentrale stikkord på det nivået som blant anna nordmannen Magnus Carlsen spelar på.

– Dei har brukt fleire månader på å studere spelestilen til motstandaren, for å finne ut korleis dei skal komme til ein posisjon der dei har ein fordel. Det er litt som ein gjer elles i idretten, at ein studerer motstandarlaget for å finne strategien.

Os trur at nettopp ein profil som Carlsen kan vere med på å gjere sjakksporten meir populær i Noreg.

– Det er også viktig at kampen kjem på TV, får då blir sjakk meir folkeleg og tilgjengeleg for alle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Erlend Os

LIKAR SJAKK: Brettspelentusiast Erlend Os frå Nordfjordeid følgjer spent med på sjakk-VM som går føre seg i India i desse dagar.

Foto: Håvard Løkensgard

Har likskap med ei slagmark

1400 år har sjakken overlevd, og det ser ikkje ut til at spelet vert mindre populært med det første. Os trur at kampaspektet er sentralt for å forstå denne populariteten.

– Ein av grunnane til at sjakk har halde seg populært, er likskapen det har til ei slagmark. Det er to hærar mot kvarandre og det må strategiske trekk og rett utplassering av troppane til.

Og motstandarens hær, den vart for NRK-reporteren sitt tilfelle altfor sterk. Den røynde sjakkspelaren Os slo ein stakkars reporter – på rekordtid

– Eg klarte det på ti trekk, det er uhyre kort tid, seier Os.

Følg VM i nett-TV

Magnus Carlsen og Viswanahan Anand møtast til parti nummer fire onsdag. Du kan sjå NRK si sjakksending direkte her frå kl. 10.15 (spelet byrjar klokka 10.30).