Hopp til innhold

Trur på tunnelløysing for Bybanen

Byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen varslar at bybanefloken i sentrum kan vera i ferd med å løysa seg.

Bybanen

MOT ÅSANE-LØYSING: Bybanefloken i sentrum kan vera løyst. Byrådsleiaren trur på tunnelfleirtal i bystyret. Dermed kan passasjerane om nokon år ta banen vidare nordover frå Kaigaten.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Bybanefloken i sentrum kan vera løyst. No meiner Martin Smith-Sivertsen (H) at det meste ligg til rette for å få eit fleirtal for ei tunnelløysing bak sentrum.

– Eg tolkar det slik at det er fleirtal for ein lang tunnel ut av sentrum. Det er eg glad for, for det blir ryggrada for ei raskare Bybane til Åsane, og man slipper å bygge bane over Bryggen, seier Smith-Sivertsen til NRK.

Vil sjå på moglegheitene

Utspelet kom frå talarstolen i bystyret, etter at byrådsleiaren og byrådet hadde fått mykje kritikk for måten dei tidlegare la Bybanen nordover død.

Byrådsleiaren står fast på at byggetrinna mot Haukeland, Mindemyren og Fyllingsdalen ligg først i løypa.

Bybane-sjef Paul M. Nilsen har tidlegare uttalt at ei bane til Åsane må komme først, noko NRK tidlegare har omtalt.

Byrådsleiaren vil ikkje svara endeleg på om han vil fremja ei sak for bystyret før valet.

– Vi vil jobbe med dette i byrådet, og sjå på moglegheitene vi har, og komme tilbake til bystyret med dette så raskt vi kan, seier byrådsleiaren.

Ap, Frp og Høgre ønskjer alle tunnel bak sentrum. Også fleire av småpartia er positive.

LES OGSÅ: Bybane-sjefen: Bybanen til Åsane bør komme først