– Det ser veldig bra ut i sommar. Både nordmenn og utanlandske turistar er veldig interesserte i norsk natur, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i DNT.
Turistforeininga har om lag 580 hytter rundt om i heile landet og som i desse dagar er klare til å ta imot gjester. Og tilbodet er varierer, alt får kyst, bynært og til hytter langt til fjells.
– Det er stor pågang overalt, men det som har blitt mest populært er dei som er nærmast der folk bur, fortel han.
Populært tilbod langs kysten
Hyttene langs kysten har vist seg å vere veldig populære. Han nemner Rongevær i Nordhordland som opna i fjor og som har blitt ein kjempesuksess.
Rongevær kysthytte har på kort tid blitt svært populær.
Foto: André Marton Pedersen / DNTStyreleiar Børge Brundtland i Nordhordland turlag som driv hytta, stadfestar dette. Han seier at dei ikkje tidlegare har hatt kysthytter i og rundt Bergen.
– Det er ei lågterskel hytte og enkelt tilgjengeleg. Du treng ikkje gå i timevis for å komme hit.
Hytta er ubetent og har 38 sengeplassar. I det halve året ho var i drift i fjor var om lag 1000 besøkande.
– Fram til no i år har vi hatt 700-800, og det er stor interesse for helger gjennom heile sommaren og hausten.
Også dei større hyttene som ikkje er så langt å komme seg inn til, har vist seg populære. Som Tungestølen i Luster der du kan køyre heilt til døra og ha hytta som base for turar til Austerdalsbreen og andre stader i fjellheimen
– Eg er optimistisk på at det blir ein god sommar, seier styrar Randi Bjørnbeth på Tungestølen.
Over 400.000 overnattingar i året
Og at ferie i Noreg er populært er det fleire som trur. Tal frå NHO Reiseliv viser at 65 prosent av dei som skal på sommarferie, planlegg å reise i Noreg.
– Fleire trendar peikar i retning av det blir meir og meir populært med kortreiste opplevingar i Noreg, sa administrerande direktør Kristin Krohn Devold då undersøkinga kom.
Og ferske tal frå Vestlandsindeksen viser at overnattings- og serveringssektoren er ei av få bransjar som har betre tru på framtida.
Og mange vel altså å bruke ferien på hytter dei sjølv ikkje eig.
I 2022 hadde turistforeininga 418.000 overnattingar på hyttene sine. Det var ein auke på 21 prosent frå 2021, men pandemiåra var spesielle. I 2019 var det beste året nokosinne med 432.000 overnattingar.
Dei 300.000 medlemmane får tilgang til DNT-hytter over heile landet med denne nøkkelen.
Foto: DNTFleire melder seg inn
Og i år er optimismen altså stor. Dei 56 medlemsforeiningane over heile landet melder om god bestilling. Og dei ser no eit medlemstal som er høgare enn på veldig lang tid.
I inngangen til sommarsesongen hadde DNT 300.000 medlemmer. Det er 3,7 prosent fleire enn på same tid i fjor. Størst er auken i laga på Nordkapp, i Troms og i Gudbrandsdalen.
– Nordmenn er glad i å feriere i heimlandet og så får vi nok litt draghjelp av ei svak norsk krone og dyrare utanlandsferiar, trur generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i DNT.
Ved Tungestølen i Luster håper dei på ein god sommar.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKVil vere motvekt
Målet for turistforeininga er å få flest mogleg ut i naturen.
– Det å komme i kontakt med naturen lagar minne for livet som verken treng vere dyrt eller vanskeleg tilgjengeleg.
Og DNT har som må å vere ei motvekt til utstyrsjaget, spesielt i ei tid der mange har ein pressa økonomi.
– Du treng ikkje allverdas med utstyr, men du må ha med det som trengt for å få ein sikker tur. Men du treng ikkje kjøpe alt nytt, for det får også an å låne eller kjøpe brukt.
– Vi håper å vere eit godt bidrag til ein ferie som ikkje er så dyr for lommeboka, men rik for sjel og sinn, seier han.