Hopp til innhold

Trur på ny rekord for 8. mars-toget

Arrangørane reknar med rekordmange deltakarar på årets kvinnedag-markering.

8. MARS KVINNEDAGEN

NY REKORD: Reservasjonsretten kan føra til rekordmange deltakar på 8. mars-toget i Bergen. Dette bildet er frå 8. mars-markeringa i Oslo i 2009.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Anna Kathrine Eltvik

FØRSTE GANG: – Mange seier dei aldri har gått i tog før, fortel Anna Kathrine Eltvik i 8. mars-komiteen i Bergen.

Foto: Gunn Elisabeth Nord / Rødt

– Vi merkar ein stor pågang. Mange seier dei aldri har gått i tog før, men i år vil dei gjera det, seier Anna Kathrine Eltvik, som er leiar for arrangementskomiteen i Bergen.

Den gamle rekorden frå 1970-talet er 2200 personar.

– Dei aller fleste nemner reservasjonsretten som årsak til at dei vil gå i tog på kvinnedagen, seier Eltvik.

Dobling i Stavanger

Fleire andre stader i landet reknar arrangørane med rekordoppslutning.

Blant anna gjeld dette i Stavanger, der det er venta dobbelt så mange deltakarar som i fjor.

– Det er enormt mange som vil protestera mot reservasjonsretten for fastlegar. Folk merkar no kva det har betydd å ha ei Høgre/Frp-regjering, og at vi framleis må slåst for kvinnene sine rettar, seier Randi Mobæk i 8. mars-komiteen i Stavanger.

– Tar heilt av

8. mars-komiteen i Oslo opplyser at tendensen er den same i hovudstaden.

– Det har tatt heilt av. Vi merkar engasjementet langt utover kvinnerørsla. Vi har ikkje sett liknande på mange år, seier Daisy Elizabeth Sjursø i arbeidsutvalet i 8. mars-komiteen i Oslo.

Ho seier det er reservasjonsretten og sexkjøpslova som dei klart viktigaste sakene. Mobiliseringa skjer ved at mange går ut i media og oppfordrar folk til å gå i tog. Samtidig merkar dei ei enorm mobilisering på Facebook.

– Eg trur vi kjem opp mot toppnivået frå 1970-talet, seier Sjursø.

Ekstra vakthald

8. mars-komiteen i Oslo har leigd inn ekstra vakter og varsla politiet om den store interessa.

– Dette gjer vi for å sikra god tryggleik under markeringa, seier Sjursø.

Arrangementet i dei to største byane i landet startar klokka 15. I Bergen startar markeringa på Torgallmenningen og i Oslo samlast deltakarane på Youngstorget.

16 år gamle Birgitte Tiller har bestemt seg for å gå i tog på kvinnedagen for første gang for å vise sin motstand mot reservasjonsretten for leger.

Mange vil protestera mot reservasjonsretten på 8. mars-markeringane rundt om i landet.