– Dette er jo det verste som ein kan oppleve ute på bana. Det er ein kamp som vi kontrollerer, vi har sjansane og vi styrer spelet. Sjølvsagt blir ein forbanna over at vi kjem ut med null poeng, når vi føler at vi skal ha alle tre poenga.
Det seier Tonny Brochmann til NRK, nokre minutt etter at Lillestrøm stal med seg tre poeng heim til Romerike – i ein kamp der dansken var den dominerande spelaren.
Men lite hjelpte det med høg intensitet og presise pasningar, når Sogndal blir ståande på staden kvil etter denne serierunden.
– Det er stong ut no, men det vil snu, og faktisk så har vi har snudd det, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson
Lillestrøm sitt mål kom etter ein corner i det 89. minutt, der både forsvaret og målvakt Stian Dyngeland må ta skulda for at det gjekk som det gjekk.
Sjå Tonny Brochmann si meining om kampen:
(artikkelen held fram under videoen)
Høyr kva trenar Jonas Olsson hadde å seie etter tapet:
(artikkelen held fram under videoen)
Nektar å snakke om nedrykk
Trass to poeng på sju kampar, meiner Olsson at laget vil klare å ta dei poenga dei treng når rekneskapen for eliteserien blir gjort opp om ni kampar.
– Den store katastrofen var kampen mot Bodø/Glimt, der vi også slapp inn eit mål mot slutten. Då blir det jo spekulasjonar overalt og alt blir eit helvete. Det er klart at spelarane tek dette til seg, men vi må skjerme oss mot det. Vi er eit bra fotballag, og dette skal vi klare, seier Olsson til NRK.
Han er overtydd om at det blir tippeligaspel på Fosshaugane også neste år, sjølv om det ser tungt ut no.
– No er det berre å køyre på vidare. Med gode prestasjonar framover så får vi desse poenga som vi treng for å spele eliteserie også neste år, meiner trenaren.
- LES OGSÅ:
– Bryr oss ikkje om kva som blir sagt
For dagens beste Sogndal-spelar, Tonny Brochmann, var det tungt å måtte følgje dei siste minutta frå sidelinja. Etter at han lenge var ute frå førsteellevaren, står den 171 centimeter høge spelaren no meir og meir fram som Himmelbjerget.
– Eg var lenge ute, og no har eg ein kjempegnist for å klare å vise meg fram på bana. Når Sogndal står i den situasjonen vi er i, så må vi vise kva vi kan og køyre på 100 prosent. Da skal vi nok få dei poenga vi treng, seier Brochmann.
– Klarer de som spelarar å skjerme dykk frå alt som blir sagt om laget i Sogndal og faren for nedrykk?
– Vi bryr oss ikkje mykje om kva som blir sagt. Vi veit kva som skal til for å berge plassen. Så må vi berre prøve å vere positive. Det var mykje positivt som skjedde i kampen i dag, og det må vi ta med oss på trening og i neste kamp.
VIDEO: Sjå høgdepunkta frå kampen mellom Sogndal og Lillestrøm. Foto: Arne Stubhaug
BERRE TRIST: Ulrik Flo spelte ein god kamp for Sogndal. Men ballen ville berre ikkje i mål.
Foto: Arne Stubhaug / NRK