Trur på ny aktivitet

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, ser optimistisk på å få ny aktivitet i Bremanger Fryselager.

I går slo fiskemottaket med 15 tilsette seg sjølv konkurs. Verksemda har lenge slite økonomisk. Markanden for sild og makrell har vore dårleg, og lageret er framleis halvfullt med sild frå i vinter.

Optimist

Det er Bremanger kommune som eig bygget og deler av utstyret. Svarstad har tru på at dei skal klare å få til ny aktivitet i bygget.

 - Vi har ikkje konkrete ting på gang, men eg er heilt overtydd om at vi skal få til ny aktivitet i bygget. Om det vert 15 nye arbeidsplassar veit eg ikkje enno, men no lyt vi starte arbeidet, seier Svarstad.