Hopp til innhold

Trur på medaljefangst under NM

I helga skal det avgjerast kven som greie å løfte mest, for det klart for NM i vektløfting i Naustdal. Og stadig fleire jenter let seg fascinere av denne idretten.

Video Klart for NM i vektløfting i Naustdal

SJÅ TV-SAKA: Klart for NM i vektløfting i Naustdal i helga. Stadig fleire jenter vel denne sporten.

Ei av dei som har valt denne idretten, er Sunniva Bruland. Ho tykkjer det er ein kjekk idrett.

– Eg likar å setje meg mål og prøve å nå dei, fortel ho.

Gunnar Reiakvam i vektløftargruppa meiner jentene set ein ekstra spiss på miljøet.

– Det blir ikkje så macho når vi har med jentene, seier han.

Satsar på publikumsvennleg meisterskap

Gunnar Reiakvam

TRUR PÅ GOD FANGST: Gunnar Reiakvam i vektløftargruppa er med på å arrangere NM.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Opp gjennom åra har det blitt løfta mange tonn i Naustdal. Denne helga arrangerer Tambarskjelvar IL si vektløftargruppe NM for senior og veteran i Naustdalshallen.

Denne helga løftar veteranane fredag og seniorane på laurdag. Vekløftargruppa har laga til i hallen med nye tribunar slik at lyftinga nærast foregår som i ein boksering. Det blir intimt og tett på løftarane.

Den første meisterskapen arrangerte dei i 1995, og sidan har det blitt mange. Reiakvam veit faktisk ikkje kor mange meisterskap og medaljar det har blitt sidan den gongen.

– Det er så mange at eg heilt har kome ut av teljinga, seier han.

Han seier at sjølv om interessa er stor, er den ikkje slik den var i 1995.

– Då var gymsalen stappfull. Det var ein sensasjon at eit vektløftar-NM kunne dra så mykje folk.

«Svigermors draum»

Reikvam meiner at ein av grunnane til den store interessa for å drive med denne idretten i Naustdal, er mottoet som vektløftargruppa har.

– Vi har eit motto og det er «Svigermors draum». Er du det, så får du det til meste, ler han.

Han trur at naustedølene skal ta godt for seg under årets meisterskap på heimebane.

– Eg trur vi plukkar med oss sju-åtte medaljar.

I morgon satsar 18-åringen Sunniva Bruland på å sette ny personleg rekord.

– Det skal eg prøve på. Eg trur eg skal klare det, seier ho.