Angedalsvegen éin månad etter drapet på 22 år gamle Anne Slåtten. Berre visna blomar vitnar om den brutale handlinga som skjedde på denne staden ein søndags morgon for nøyaktig ein månad sidan.
Ingen mistenkte
Lensmann Kjell Fonn
Sjukepleiarstudenten frå Rogaland enda livet sitt i eit kratt i Førde, på veg til jobb ved ein aldersheim. Sidan den 6. juni har fleire hundre personar vore inne til avhøyr av politiet. Men ein månad etter er gjerningspersonen framleis på frifot. Tolv etterforskarar frå politiet arbeider no med saka, men dei har ingen mistenkte. Men lensmann Kjell Fonn har ikkje gitt opp håpet om at gåta skal bli løyst.
– Vi har samla inn store mengder informasjon i den månaden som har gått sidan drapet, og det er eit nitid arbeid å gå gjennom alt dette. Vi trur at i dette materialet ligg det opplysningar som gjer at vi skal klare å oppklare saka, seier Førde-lensmannen.
Pregar førdefolk
Norvall Nøringset
Det bur vel 10.000 menneske i Førde. For innbyggarane har månaden etter drapet kanskje gitt fleire spørsmål enn svar. Men varaordførar Norvall Nøringset er ikkje i tvil om det som skjedde vil prege den vesle staden i lang tid framover.
– Alle går med tankar om kven dette er som kan gjere ei slik brutal handling. Det pregar folk i Førde – det ligg i bakhovudet på folk som er ute på tider av døgeret der dei kjenner seg åleine, seier Nøringset.