Hopp til innhold

Jublar for helseministeren

Aksjonistane for Lærdal sjukehus har fått nytt håp om å få tilbake fødeavdelinga.

Bente Øien Hauge
Foto: Privat

- Eg vart så glad då eg høyrte om planane til helseministeren, seier Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus.

Vil gjere om på fødselskrav

I går presenterte Helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen ei stortingsmelding om svangerskaps-, fødsels-, og barselsomsorg.

Statsråden vil oppheve krava om kor mange fødslar som skal til for å kunne kalle seg ei fødeavdeling.

- Det betyr at Lærdal sjukehus kan få tilbake statusen som fødeavdeling, jublar Øien Hauge

Fødeavdeling vart fødestove

I 2004 la dåverande helseminister Dagfinn Høybråten ned fødeavdelinga i Lærdal. I staden oppretta han ei forsterka fødestove.

Stortinget har vedteke at for å ha ei trygg og forsvarleg fødeavdeling må det bli fødd minst 400 barn der årleg.

I fjor vard det fødd 104 barn i Lærdal. Men dersom grensa blir oppheva kan tilbodet endre seg, trur Øien Hauge.

- Enkelt å oppgradere tilbodet

- Lærdal har ein lege på vakt 24 timar i døgnet.

Det meiner Øien Hauge gjer det enkelt å oppgradere fødestova til ei fødeavdeling igjen.

- Og då kan mange av kvinnene i Indre Sogn få føde lokalt i staden for å reise vekk.