Hopp til innhold

Trur på 700 nye arbeidsplassar

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, trur avgjerd om ny Solar-fabrikk i Svelgen kjem før neste sommar.

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Fylkesadministrasjonen vedtok i går å løyve 700.000 kroner til eit utviklingsprosjekt i kampen om å få den nye fabrikken.

Vil greie ut veg

I same renna vedtok fylket også å støtte utgreiing av betre veg mellom Svelgen og Grov. Svarstad trur at det kanskje er det viktigaste bidraget for å få Elkem til å etablere Solar-fabrikken i Svelgen.

- I løpet av første halvår neste år, så håpar eg at vi får tydelege signal på etablering i Svelgen, seier han.

- Stort løft

Fabrikken som skal produsere silisium til solceller, fører med seg arbeidsplassar for kring 200 personar. I tillegg gjev den positive ringverknadar for kommunane kring, seier assisterande fylkesdirektør for regional utvikling, Endre Høgalmen.

- Ein slik fabrikk vil innebere eit stort løft for heile regionen med ei invistering på over tre milliardar, seier han.

Må gjere seg attraktive

Ordføraren ventar at det alt til våren kan kome ei avgjerd. No må samfunnet gjere seg så attraktivt som råd for å få fabrikken.

- Vi skal i alle høve ikkje sitte på stolen og vente på at dette kjem av seg sjølv. Vi må vise at vi klarer dette i kommunen og klarer dette i regionen kring Bremanger. Dette er så stort at det vil påverke kommunane både nord og sør for oss, forsikrar Svarstad.