Trur OL-suksess vil inspirere fleire unge til å bli kokk

Ingen andre yrkesfag har så få søkjarar som kokkelinja. No er håpet at Noregs første gull i kokke-OL på tolv år skal snu trenden.

Johannes Berge, Tuva Andersen og Lauris Misins

NØGDE MED VALET: Tuva Andersen og Lauris Misins (til høgre) håpar norsk OL-suksess gjer at fleire vel som dei. – Eg angrar ikkje eit sekund på at eg søkte kokkelinja. seier Tuva. Her saman med lærar Johannes Berge (til venstre).

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Med litt over ei veke igjen av søknadsfristen til vidaregåande skular, ventar fleire kokkelinjer i spaning på søkjartala som tikkar inn.

Ifølgje Nationen hadde mat- og restaurantfag i 2019 dei lågaste søkjartala for alle yrkesfaga, og med størst fråfallsprosent.

Håpet er at norske bragder internasjonalt skal få fart på søknadane.

– Eg håpar det kan vere med å inspirere dei unge til å velje yrket vårt, seier den nybakte OL-meisteren Tonje Torvanger.

Kokkelandslaget vant OL-gull.

VANN OL-GULL: Kokkelandslaget sikra gull i kokke-OL: Bak til venstre: Jan-Erik Hauge frå Bremanger, Kjell Patrick Ørmen Johnsen frå Drammen, Henrik Falkensten frå Nevlunghavn, Kristoffer Westvik Lofnes frå Måløy. Nedst til venstre kaptein Christer Rødseth frå Aurskog, Kåre André Hjartholm frå Masfjord, Tonje Torvanger frå Sogndal, coach Gunnar Hvarnes frå Larvik og Aron Espeland frå Bryne.

Foto: Eirik Nilssen / Matbyrået Impuls

OL-gull og Michelin-stjerner

Det har vore ei god veke for kokkebransjen i Noreg.

OL-meister Kristoffer Lofnes gjekk kokkelinja i Måløy, var lærling i Bergen og har seinare jobba i Stockholm. Han meiner kokkeyrket er meir enn berre eit tøft restaurantliv.

– Det er mogleg å jobbe med utruleg masse forskjellig, ein får møte veldig mykje spennande folk.

Lofnes er oppteken av at fleire må snakke fram kokke-yrket.

– Foreldra må la ungane få bestemme sjølv og la dei sjå at det er eit fag å gå til.

På kokkelandslaget

SNAKKE FRAM: OL-meister og kokk, Kristoffer Lofnes, seier det er viktig å snakke fram kokkefaget.

Foto: Privat

Pussa opp – måtte leggje ned

Ein av skulane som truleg håpar internasjonal suksess skal gi søkarskred, er den nyrenoverte kokkelinja i Sogndal.

I 2018 måtte dei ta eit års pause då linja berre fekk fire søkjarar.

– Det er rett og slett for få søkjarar til at vi kan setje i gong linja, sa leiar Karianne Torvanger (Ap) i hovudutvalet for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune, då.

I Bergen har kokkelinja på Sandsli vidaregåande skule allereie opplevd større interesse. Her dobla talet på elevar seg i 2018.

Tuva Andersen er elev og trivst godt på linja. Ho trur suksessen til kokkelandslaget kan inspirere fleire.

– Eg angrar ikkje eit sekund på at eg søkte. Det er uansett veldig motiverande for oss som går kokkelinja. Det viser at vi har ein moglegheit til å nå langt.

Med gullmedaljen rundt halsen vil Kristoffer Lofnes frå Måløy vere med å bere fram yrket for fleire. Han trekk fram norske råvarer som noko av det beste med å jobbe på det norske kjøkkenet.

– Vi må vise yrket frå den beste sida. Eg har aldri angra på mitt val.