Hopp til innhold

Trur ny gondolbane på Voss får byggjestart neste vår

Fylkesmannen har godkjent ein reguleringsplan for ny gondolbane på Voss. Banen, som kan frakta 1500 passasjerar i timen, kan få byggjestart våren 2016.

Dinglo framføre Vossevangen

SISTE TUR: Dinglo og Danglo har tatt sin siste tur opp til Hanguren. Neste år vil bygginga av ein flunkande ny gondolbane truleg starta.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Siste tur med den gamle Hangursbanen gjekk på søndag. Mange har reist tvil om det nokon gong vil koma ein ny, men det skal det, seier driftsdirektør Sigbjørn Slåtten i Voss Resort.

– Eg er veldig sikker på at me kjem til å setta spaden i jorda til våren 2016, seier Slåtten til NRK.

Fylkesmannen si avgjerd om å godkjenna reguleringsplanen var ei svært gledeleg nyheit for driftsdirektøren. Det var avisa Hordaland som først omtalde godkjenninga.

– Vil kosta 150 millionar

– Etter å ha jobba med saka sidan 2008 så var me veldig glad no når saka endeleg er avgjort. Fylkesmannen har sagt at den jobben som er gjort med reguleringsplanen er av ein slik kvalitet at han har godkjent den.

– At vedtaket er endeleg gjer jobben mykje lettare for oss.

No meiner Voss Resort at dei skal klara å skaffa pengar til banen, som vil bli kostbar.

– Sjølve banen med ein heilt ny restaurant på toppen vil nok kosta 150 millionar kroner, seier Slåtten.

Korleis vil de finansiera dette?

– Voss Resort tek eit stort ansvar økonomisk. I tillegg er me i diskusjonar med ulike partnarar som vil gå inn i prosjektet. Men det er for tidleg å seie kven dette blir endå.

 Kristian Jørgensen

Admistrerande direktør i Fjord Norge, Kristian Jørgensen har stor tur på at ein ny gondolbane vil verta ein populær turistattraksjon.

Foto: Berge Myrene / NRK

– Folk vil opp i høgda

Admistrerande direktør i Fjord Norge, Kristian Jørgensen meiner det er attraksjonar som fraktar folk opp i høgda som verkeleg trekker folk rundtom i verda.

– Anten det er i Rio de Janeiro, Hongkong eller Cape Town - eller for den slags skuld Bergen og Fløien - så er det slike ting folk likar. Så når Voss får ein attraksjon som har meir kapasitet, og kan bringa folk høgt opp så vil det bety mykje for oss.

Den gamle banen som var bygd i 1963, kunne på ein godvêrsdag frakta 300 passasjerar i timen.

Den nye vil verta av eit heilt anna kaliber.

Ny gondolbane på Voss

ILLUSTRASJON, NY GONDOL: Den nye gondolbanen skal ifølgje planen gå frå Voss jernbanestasjon og opp til toppen av Hanguren. 13 gondolar skal ta 35 personar kvar.

Foto: Voss Resort

– Det er ei gondolbane med 13 vogner, med 35 personar per vogn. Du får frakta opp 1500 personar i timen, og 1500 ned. Så totalt kan 3000 personar bli frakta med banen kvar time.

​Banen skal starta nede ved Jernbanestasjonen, og frakta både cruiseturistar og skifolk heilt til toppen av Hanguren.

Sjå video av Paul Audun Sønnesyn (91), ein av dei som var med på å byggje Hangursbanen, på sin siste tur med bana i forrige veke:

Hangursbanen på Voss blir lagt ned. Men blir den erstatta med ei ny kabelbane?