Hopp til innhold

Han trur Navarsete er ferdig i 2015

NRK-kommentator Magnus Takvam er rimeleg sikker på at det vert leiarskifte i Senterpartiet på landsmøtet i 2015. Men han ser ikkje bort frå at det kan skje før.

Magnus Takvam

VAR IKKJE TEMA: NRK-kommentator Magnus Takvam fortel at det ikkje var tema i sentralstyret at lekkasjane skulle vere viktigare enn innhaldet i rapporten.

Foto: NRK

– Eg trur det vil skje eit leiarskifte på landsmøtet til Senterpartiet i 2015. Eg trur Navarsete forstår at denne type tilspissing av debatten ikkje er heldig. Så får vi sjå, seier Takvam.

I går kom evalueringsrapporten av tidenes svakaste Sp-val. Her kom det fram at tillitsvalde i partiet meiner leiinga var usynleg i store delar av valkampen, og evalueringa som vart lagt fram i går, teiknar eit knusande bilete av partiet.

Vil røykje ut kjelda

Mellom anna følte grasrota at leiinga var fråverande, Navarsete verka dårleg førebudd i TV-debattar, leiarstriden mellom Borten Moe og Navarsete var øydeleggjande og mange tillitsvalde var usikre på retningsval og profil.

Men då den svært så krasse rapporten vart lagt fram i går, brukte Sp-leiar Liv Signe Navarsete mest tid på å snakke om lekkasjane ho trur har komme frå utvalet.

VG har fått tilgang til intervju med sentrale partifolk, gitt i trumål til utvalet. I dag varsla Navarsete at ho vil at partiet skal finne kjelda.

– Det må vere ei målsetjing å røyke ut den eller dei som står bak. Det var så få som hadde tilgang til informasjonen, så det bør ikkje vere ei uoverkommeleg oppgåve, sa Navarsete til Politisk Kvarter tidlegare i dag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sp-leder Liv Signe Navarsete

OPPGJER: Liv Signe Nararsete og resten av partileiinga fekk kraftig kritikk i rapporten som har evaluert valkampen. Navarsete avviser likevel at partiet ønskjer ei ny leiing.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Kan komme til å byggje bru

Takvam understrekar at dersom det held fram med liknande episodar som fører til ytterlegare splid, så kan eit leiarskifte komme før ein anar det.

– Då kan ein ikkje spå kva som vil skje. Men framleis trur eg at ein vil få eit løp der leiarskiftet i Sp skjer på eit ordinært landsmøte i 2015, seier Takvam.

Han ser bort frå likevel ikkje at det kan skje justeringar, for å gjere ting klart til eit leiarskifte.

– Eg trur samstundes at det nok kan vere slik at den neste leiaren i mellomtida, frå no og framover, meir eller mindre i praksis vil overta mykje av jobben som reell leiar, kanskje som parlamentarisk leiar, for å byggje bru mellom dagens regime og eit nytt regime i 2015, trur Takvam.

Takvam er ikkje så sikker på at Navarsete sin kamp mot dei som har lekka informasjonen, er eit lurt trekk.

– Eg må nok seie at dagen etter at den kraftige evalueringsrapporten vart lagd på bordet i går, og dominerte nyheitsbiletet, så er det ein dårleg start av leiaren, når ho skal starte på tillitsbygginga, å gå ut med denne bodskapen, seier Takvam.

Var ikkje tema i sentralstyret

Han er usikker på korleis utspelet til Navarsete vil påverke partiet, men peikar på at det gjer noko med kva folk oppfattar om saka.

– Frå utsida kan ein lett oppfatte det Navarsete seier slik at lekkasjane er viktigare enn innhaldet i rapporten, og den kritikken som leiinga har fått, fordi ho heilt konkret seier at det er lekkasjane som har ført til mest bråk, og ikkje rapporten, seier Takvam.

Han legg til at det slett ikkje det som var tema i sentralstyret onsdag.

– Eg snakka med folk i sentralstyret som seier at dersom det hadde vorte kommunisert på den måten i sentralstyret, så ville mange ha reagert på det, seier Takvam.

– Kva blir konsekvensen av denne harde linja som ho legg seg på?

– Eg trur Navarsete også sjølv ser at ho formulerte seg uheldig og dårleg, og at ho dermed ikkje vil forfølgje det vidare. At det dermed var ein glipp som dei kan leggje bak seg, seier Takvam.

Kan bidra til å spisse konflikten

Han har snakka med generalsekretær Knut Olsen i Senterpartiet, som no får oppgåva i organisasjonen med å prøve å kartleggje kven som har lekka opplysningane.

– Han seier at det skal han gjere, og ikkje lage mykje oppstuss rundt det, slik at resten av partiet kan drive politikk. Men det er klart at den type utsegn kan bidra til å spisse til konflikten og skape ytterlegare mistensomheit mellom ulike miljø i partiet, seier Takvam.

Navarsete kalla det toppen av feigskap å lekke informasjon frå rapporten.

– Det er alltid slik at det i eit samspel mellom media og politikk, er lekkasjar. Nokon gonger er dei både medvitne og målmedvitne frå einskilde miljø i eit politisk parti. Av og til er det meir tilfeldig. Men det må ein leve med, seier Takvam.

Trur ikkje på skifte før 2015

Politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle, trur heller ikkje på leiarskifte før 2015.

– Det avgjerande er om Navarsete vil ha den naudsynte tryggleiken og støtta til å atterreise både sin eigen og leiinga sin autoritet, seier Stanghelle.

Harald Stanghelle

IKKJE FØR 2015: Heller ikkje Harald Stanghelle, politisk redaktør i Aftenposten, trur på leiarskifte før 2015.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

To ordførarar på Sørlandet har i dag teke til orde for å fjerne Navarsete før valet 2015. Stanghelle trur ikkje det blir eit skifte før, rett og slett fordi det er klart kven ein eventuell ny partileiar skal vere.

– Eg trur dei når dei seier at det ikkje blir utskiftingar før 2015, også fordi Sp ikkje er samde om kven som burde etterfølgje Navarsete, seier Stanghelle.