Hopp til innhold

Trur mange vaksne manglar kompetanse på sosiale medium

Fleire opplever å plutseleg vere med i grupper på Facebook som dei ikkje visste om eller som har bodskap dei ikkje kan stå for.

Surfer på internett

FACEBOOK: Det mange kanskje ikkje veit er at ein kan bli medlem av ei gruppe berre ved å klikke inn på den om nokon har lagt deg til.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Hans Marius Tessem

NETTVETT: Hans Marius Tessem seier det er vanskeleg å gi råd om nettvett, men meiner det handlar om å vere vaken.

Foto: Ida Hjerkinn

– Ein skjønar gjerne ikkje korleis ting fungerer, og korleis ting heng saman, seier leiar for nettstaden slettmeg.no, Hans Marius Tessem.

Han fortel at fleire opplever å melde seg inn i grupper på Facebook utan å vite det sjølv, eller at ei gruppe plutseleg endrar bodskap til noko heilt anna enn du først trudde.

«Mobbegruppe»

Facebook-gruppa «NEI til Trine Skei Grandes flyseteavgift» kan sjå ut som ei politisk gruppe. Men inne på gruppa blir det spreidd falske nyheiter og falske sitat for å sverte politikaren.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo såg kven av vennene sine som var med i gruppa, og la ut eit Facebook-innlegg der han tagga folk, med oppmoding om å melde seg ut.

Alfred Bjørlo

TAGGA VENNER: Eid-ordføraren la ut namna til vennene sine som var med i gruppa på Facebook.

Foto: Josef Ness Tveit / NRK

– Ein del vaksne folk har eit ukritisk forhold til dette. Eg har mange unge venner på Facebook og ingen av dei har meldt seg inn i denne gruppa. Eg trur unge menneske jamt over har betre nettvett, seier Bjørlo.

Blant medlemmane i «mobbe-gruppa» var politikarar i Sogn og Fjordane. Bjørlo trur at mange har trykt «liker» i gruppa fordi dei var imot flyseteavgift, og ikkje har forstått det eigentlege bodskapet.

Skjønte ikkje at dei var med

Mange av dei Bjørlo tagga i Facebook-posten sa at dei ikkje visste at dei var med i gruppa fortel han. Han meiner ikkje at han hang ut nokon ved å tagge dei i innlegget sitt.

– Eg forstår at mange synest det er ubehageleg å bli assosiert med ei slik gruppe. Men no har netthetsing blitt så «main streem» at no må ein faktisk seie skikkeleg kraftig frå viss dette skal ta slutt. Alle må tenke seg om, og det er mitt poeng med å gjere dette, seier han.

Unge er betre på nettvett

Hans Marius Tessem seier at unge har ganske god greie på nettvett. Utfordringane deira går meir på det med gruppepress og liknande. Men vaksne kan kanskje for lite.

– Det med grupper er spesielt. Det kan fungere slik at ein blir lagt til av andre i ei gruppe. Og med ein gong du sjølv klikkar inn på gruppa blir du automatisk medlem. Då må du aktivt melde deg ut, seier Tessem.

Han trur mange ikkje forstår korleis det kan sjå ut for omverda om du er medlem i slike grupper. Nokon melder seg kanskje inn i spesielle grupper fordi dei er nysgjerrige på kva som står der inne, sjølv om dei ikkje står for bodskapen.

– Ein tenker ikkje over kva ein kommuniserer ut, seier han.