Hopp til innhold

Fleire cruisehamner kan få landstraum

Miljøvenleg landstraum kan bli ein konkurransefordel for cruisehamnene. Nordfjordeid kan bli neste i Noreg.

Cruiseskip på veg ut Eidsfjorden frå Nordfjordeid.

FJORDCRUISE: Cruiseskipet Aida Perla på veg ut frå Nordfjordeid. Mellom 40 og 50 skip kjem til tettstaden.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi tenker at vi blir ein føretrekt destinasjon om vi får det til, dette er veldig viktig for oss, seier Arild Åshamar i Seawalk Nordfjord.

Bergen startar opp det største landstraumanlegget i Europa i mai, i Ålesund er planlegginga komen langt for eit anlegg til 82 millionar kroner, i Oslo finst det landstraum for danskebåtane.

Eit landstraumanlegg gir cruiseskip straum frå land, slik at skipa kan slå av dei forureinande dieselmotorane.

Kan bli konkurransefortrinn

Stadig fleire cruiseskip kan ta mot straum frå land. Når cruisereiarlaga brukar millionar på slikt utstyr, kan hamner med landstraum bli meir attraktive framfor dei som ikkje har det.

Inge Tangerås, dagleg leiar i Cruise Norway, håpar det kjem landstraumanlegg på Nordfjordeid.

– Mange hamner har ein prismodell som premierer miljøvenlege skip. I den forstand vil hamner med landstraum bli meir attraktive, seier Tangerås.

Fyrst i landet med flytande kai

Det BKK-eigde selskapet Plug står bak satsingane i Bergen og Ålesund, Nordfjordeid kan no bli den fyrste mellomstore cruisehamna i Noreg med landstraum. Det vil også vere den fyrste hamna i verda med flytande kai, såkalla seawalk, som tilbyr dette.

Plug skal fyrst lage eit forprosjekt.

– Det er nybrottsarbeid der vi må finne løysingar, det skapar sjølvsagt ekstra usikkerheit, seier styreleiar i Plug Ingrid Von Streng Velken.

Har lova å stoppe lokale utslepp

Ordførar i Stad kommune Alfred Bjørlo (V) har tidlegare lova lokalsamfunnet at folk skal sleppe eksos frå cruiseskip med åra.

– Det er veldig gledeleg at arbeidet skyt fart.

Men det er på havet skipa forureinar mest, burde ein berre avvist trafikken?

– Å sende cruiseskipa andre stadar løyser absolutt ingenting. Det vi er med på no er global teknologiutvikling for å få all sjøtransport rein, også til havs, seier Bjørlo.

Bjørlo viser til at dei fyrste cruiseskipa testar ut batteridrift inn mot kai, det blir også jobba med hydrogen og ammoniakk som drivstoff.

– Utviklinga går i rasande tempo, eg har klokkartru på at tøffe miljøkrav kan drive all sjøtransport i klimavenleg retning, seier Bjørlo.

Arild Åshar, Ingrid Von Streng Velken, Alfred Bjørlo

HAR TRUA: Frå venstre: Arild Åshamar i Seawalk Nordfjord, Ingrid Von Streng Velken, styreleiar Plug og Alfred Bjørlo (V), ordførar i Stad kommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Usikker prislapp

Det er usikkert kva landstraum på Nordfjordeid vil koste, og kor mykje som trengst i støtte frå Enova. Ein fordel er at det alt finst straumnett ved kaia.

Enova sitt mål er å ta ned Co₂ utsleppa mest mogleg for kvar støttekrone, då kan mindre kaier stille bak i køen.

– Dette er det store dilemmaet, ein viktig jobb er å få bruken av landstraum opp, seier Velken.

Plug ynskjer å bygge landstraum utan støtte.

– Men på Nordfjordeid der ein må bruke ny teknologi, er det sannsynleg at Enova-støtte må bli ein del av løysinga, seier Velken.