Hopp til innhold

Trur kyrkjemiljøet på Vestlandet er meir konservativt

Haldningane er todelte i kyrkjemiljøet til spørsmålet om ein skal tilsetje homofile og heterofile som lever i sambuarskap i kyrkja. Miljøet på Vestlandet blir sett på som mest konservativt.

Sara Moss-Fongen

TODELTE. Kyrkjemiljøa er todelte til spørsmål om å tilsetje homofile personar.

Foto: Elisabeth Moss-Fongen

– Det er ein fordom som eksisterer om at Vestlandet er meir konservativt enn andre stader i landet når det kjem til spørsmål om homofile og lesbiske som tilsette i kyrkja, seier Sara Elisabeth Moss.

Moss er tilsett som kapellan i Hamar Domkirke Menighet og har ved fleire høve opplevd at bispedøma på Vestlandet er meir konservative enn resten av landet.

Tidlegare denne månaden utlyste Bjørgvin bispedøme ny stilling som sokneprest i Nordfjord prosti der dei i stillingsutlysinga fortalde at samlivsform kunne bli lagt vekt på ved tilsetjing.

Ikkje overraska

At eit bispedøme på Vestlandet vel å lyse ut ei stilling på denne måten er ikkje Moss overraska over.

– Det viser berre at fordommane stemmer, når Bjørgvin vel å bruke dei orda i stillingsteksten. Eg saknar ei sakleg grunn frå bispedømet til kvifor dei vel å gjere det slik, seier ho.

Moss er gift med ei dame og i lag med kona har dei sonen Johannes på tre månadar. For ho har det ikkje vore problem å vere skeiv i eige bispedøme. Kona er også prest.

Søknad til prestestilling

IKKJE OVERRASKA. Kapellan Sara Elisabeth Moss er ikkje overraska over at Bjørgvin utlyser stillingar på denne måten.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

– Når vi kan vere prestar begge to og gift med kvarandre, så viser det framgang, fortel Moss.

Openheit og mangfald i Hamar bispedøme

– Så lenge eg har vore her har vi aldri hatt problem med å tilsetje homofile og lesbiske personar. Det er ikkje ei problemstilling som eksisterer her, seier Trond Glimsdal som er personalsjef i Hamar bispedøme.

Han har respekt for at andre bispedøme vel annleis enn dei men han håpar at fleire vil kome etter.

– Eg er klar over at kyrkjene på Vestlandet tenkjer annleis enn mange kyrkjer på Austlandet. Eg trur det handlar om å få eit ansikt på folk. Ein treng fleire homofile personar som er prestar slik at kyrkja får eit ansikt på personane desse stillingsutlysingane rammar, seier han.

Han meiner openheit og toleranse er vegen til ei betre kyrkje for alle.

– Her i Hamar gjer vi ikkje forskjell på folk og eg håpar at fleire vil velje annleis i framtida, også med tanke på korleis dei lyser ut nye stillingar, avsluttar han.

Personalsjef Hamar bispedømme

OPTIMIST. Trond Glimsdal trur fleire bispedøme vil bli kome etter og bli meir opne med tida.

Foto: Madeleine Liereng / NRK