Hopp til innhold

Trur ikkje vêret blir så ille som først meldt

Vinden ser ikkje ut til å få like godt grep om fjordfylket i dag som meteorologane først frykta. Men skal du over fjellet er nokre fjellovergangar tryggare enn andre.

Hemsedalsfjellet ved bomstasjonen på Bjøberg 1. mars 2016

GREIE FORHOLD: Tysdag morgon er det fine forhold over riksveg 52 Hemsedalsfjellet. Frå bomstasjonen på Bjøberg har brøytesjåførane utsikt til blå himmel over fjellet.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

Meteorologisk institutt sende i går ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane og venta full storm på Vestlandskysten. No ser det ut til at vinden har løya litt.

– På kysten har det vore sterk kuling, og opp i liten storm på Kråkenes fyr. Vinden aukar både i fjellet og på kysten, og det vil bli liten storm i løpet av føremiddagen og ettermiddagen, seier statsmeteorolog Gunnar Livik ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

– Kanskje dreiar den såpass mykje over på søraust at den ikkje blir like sterk som den såg ut til å bli i går, legg han til.

Stort sett greie forhold på fjellovergangane

Utsiktene for dei som skal over fjellovergangane inn og ut av Sogn og Fjordane ser dermed hakket betre ut enn dei gjorde i går.

Ved Vegtrafikksentralen i Lærdal melder dei at alle overgangane er opne for fri ferdsle tysdag morgon. På riksveg 13 over Vikafjellet er det redusert sikt og kolonnekøyring kan innførast på kort varsel.

Roger Nedberge Hille seier utsiktene for både riksveg 52 Hemsedalsfjellet, E16 Filefjell og fylkesveg 53 Årdal-Tyin ser ganske greie ut for resten av dagen. Han ventar ikkje problem på desse overgangane.

På riksveg 15 over Strynefjellet og riksveg 13 over Vikafjellet er det derimot venta litt sterkare vind, og her kan det blir problem. Det same gjeld for fylkesveg 50 Hol-Aurland.

– Men eg trur ikkje det skal bli større problem i vårt fylke i dag, seier Nedberge Hille i 07.30-tida.

Ser ut til å bli ei fin avslutning på veka

Statsmeteorolog Gunnar Livik seier dei første dagane i mars vil vere prega av vinterleg vêr.

– Vinden minkar utover dagen i morgon. Vi får periodar med sludd eller snø, og til dels regn, iallfall i ytre strok, seier Livik.

Mot kvelden onsdag dreier vinden austleg slik at det kan bli mykje opphaldsvêr i fylket, men Livik torer ikkje sjå bort frå nedbør.

Torsdag er det venta ligg lågare temperaturar, og nedbøren kan kome som sludd eller snø.

– Men på fredag ser det ut til at vi kan få ei lysning som vil vare nokre dagar, iallfall ifølgje prognosane, legg han likevel til som ei gladmelding for siste del av veka.

  • Oppdatert vêrvarsel for der du bur finn du alltid på Yr.no