Hopp til innhold

Her trur dei du kan overnatte om to år

HARASTØLEN (NRK): Våren 2020 kan du etter alt å døme sjekke inn på eitt av dei mest spesielle hotella i Noreg. – Eg er nesten heilt sikker på at vi skal klare dette, seier investor.

Kulturminnefondet på synfaring

SYNFARING: Onsdag var Kulturminnefondet på synfaring på Harastølen, som dei i mars løyvde nærare fire millionar kroner til. Dei opplever mykje engasjement og kjensler knytt til staden. – Slike kulturminne er ein ikkje-fornybar ressurs, og kan ikkje erstattast, seier direktøren (t.h.).

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Med så mange positive bidragsytarar og stor interesse, er eg åtti prosent sikker, seier investor og prosjektleiar Terje Svindland

I fjor haust presenterte ei investorgruppe det som ser ut til å bli redninga for det digre, gamle mursteinsbygget i fjellsida over Luster.

Etter å ha arbeidd med planane i fleire månadar har Svindland saman med dei andre investorane bestemt seg for å gå vidare med prosjektet.

– Vi må ha på plass nok pengar til at vi kan forsvare investeringa. Det ser det ut til at vi skal klare, så vi satsar på å starte utvendig renovering i september.

Byggjer ut i fleire steg

Det enorme, gamle sanatoriet er til nedfalls. Murstein har ramla ned og vindauge er knuste. Mykje må gjerast. Med eit budsjett på mellom 40 og 50 millionar kroner skal dei pusse opp bygget utvendig, to etasjar innvendig, i tillegg til å sette i stand ein resepsjon og ein restaurant.

Tilskotet frå Kulturminnefondet medverkar til at Svindland kan kome i gang med det utvendige arbeidet.

– Vi skal byggje stein på stein. Vi vil ikkje opne heile bygget med ein gang, men ta to etasjar til å begynne med.

Klart for hotell på Harastølen

TRUR PÅ PROSJEKTET: Simen Bjørgen frå Kulturminnefondet, Olav Grov frå Luster kommune og Øyvind Odden i Harastølen AS har trua på planane

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Har jobba lenge for dette

Øyvind Odden, administrasjonssjef i Tinfos og direktør i Harastølen AS, som er heileigd av Tinfos, har trua på planane.

– Det er ei veldig ønskt utvikling som har skjedd i toårsperioden vi har hatt dialog med investorane. Vi har jobba med finansiering, dei har jobba med driftskonseptet.

Opp gjennom åra har det vore mange planar for Harastølen, men rivingsspøkelset har kome tilbake gong på gong. No er Odden optimist.

– Vi har sjølve engasjert oss meir og jobba tettare med investorane. Det viser seg at når vi går saman om dette og har felles mål, så ser det ut til å gå. Samanlikna med tidlegare interessentar har desse den faglege tyngda og kapitalen som trengst.

Største einskildløyving nokon sinne

Onsdag var Kulturminnefondet på synfaring på Harastølen.

Direktør Simen Bjørgen seier det var viktig for dei å kome på Harastølen og sjå anlegget etter at deira største einskildløyving nokon sinne gjekk nettopp til det gamle sanatoriet. 3,8 millionar kroner vart løyvde til utvendig istandsetting.

Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet

VERN GJENNOM BRUK: Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet, meiner den spesielle plasseringa og Luster sitt sterke fokus på reiseliv gjer hotelldrift til ein spanande og rett tanke for Harastølen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er eit stort, omfattande prosjekt, og vi har vore involvert i få prosjekt av slik omfang.

Bjørgen meiner Harastølen er eit viktig kulturminne for heile Vestlandet, og at det difor er viktig å ta vare på. Det viktigaste for det er at det ligg føre heilt konkrete planar om framtidig bruk.

– Det er lite føremålstenleg å sette i stand kulturminne som ikkje skal brukast.

Bjørgen utelukkar ikkje fleire løyvingar til Harastølen.

Eit vere eller ikkje vere

– At Kulturminnefondet har gått såpass tungt inn, er eit kvalitetsstempel både for bygget og planane, seier næringssjef i Luster, Olav Grov.

For kommunen var det ekstra gledeleg at det no er gode planar og at det kjem på plass kapital.

– Vi var komne dit at anten vart det riving eller så måtte noko skje.

Harastølen i Luster

HØGT OVER FJORDEN: Harastølen ligg som eit Soria Moria-slott over Lustrafjorden. Går alt etter planen, kan du bestille hotellrom her om få år.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK