Festspillene i Bergen har ikkje seld ein einaste billett: – Vi er veldig nøgde

430.000 personar har fått med seg konsertar og førestillingar på nett under Festspillene i Bergen. No trur sjefen at dei vil tene på koronakrisa.

Etter to veker med den tradisjonsrike teater- og musikkfestivalen i Bergen, kan no festivalsjef Anders Beyer summere opp:

– Over 430.000 har sett dei ulike konsertane og førestillingane på nett. I tillegg kjem alle som har sett sendingane på NRK. Vi er veldig nøgde med årets festival, seier han.

Beyer trur årets festival representerer eit skifte for korleis ein tenker på formidling av kunst.

Kaste om på alle planane

Berre få veker før sitt åttande festspel kom koronakrisa, og han måtte ta eit val: Avlyse Festspillene, eller lage ein heilt annan festival?

Beyer valde det siste. Han måtte kaste om på alle planane.

Resultatet har blitt betre enn han hadde våga å håpe på.

– Vi har marknadsført både Festspillene i Bergen og heile Noreg som eit reisemål. Det trur vi vil sjå att når folk skal bestille festivalpass til neste år, seier Beyer.

Anders Beyer

MÅTTE TENKE NYTT: Festivalsjef Anders Beyer vil fortsette å satse digitalt etter erfaringane frå årets festspill.

Foto: Fayruz Sado / NRK

Endrar framtidsplanane

Beyer seier dei kjem til å satse på eit digitalt program dei neste åra.

– Neste års program er allereie ganske klart. Men vi må gjere endringar for eit digitalt publikum. Så vert det ei gradvis opptrapping av dette dei neste åra.

Beyer meiner det er viktig å sjå på korleis digitale element kan gjere kunsten betre, og at det ikkje berre blir overføring av kulturarrangement.

– Vi tek med oss erfaringane frå årets festival. Det er heilt klart at det digitale har komme for å bli.

Avslutningskonsert, festspillene i Bergen. Oslo Filharmonien og Leif Ove Andsnes.

AVSLUTNINGSKONSERT: Årets Festspill blei avslutta med Oslo-Filharmonien og Leif Ove Andsnes som spelte eit reint Mozart-program.

Foto: Bård Gundersen

Må ta betalt

I år står Festspillene i Bergen utan billettinntekter. Dei har heller ikkje tatt ei krone i betaling for strøyminga på nett.

Men medan dei fleste store festivalar har valt å ikkje ha eit program, har Festspillene tilbydt både klassiske og meir eksperimentelle konsertar.

Difor trur Beyer Festspillene vil tene på årets festival. Dei har hatt eit digitalt publikum frå 116 land.

– Vi skal analysere kven som har sett på. Vi trur for eksempel at den kinesiske marknaden vil vere veldig interessant for oss.

I år har alt vore gratis. Men Beyer er tydeleg på at dei neste åra må publikum betale for kulturopplevingane. Både i salane i Bergen, og framfor skjermane over heile verda.