Hopp til innhold

Trur død person har lege i telt i over eit år – har funne pass og matvarer

Politiet har funne eit pass i teltet der ein person blei funne på Sandsli i Bergen i går, men har ikkje identifisert personen. – Veldig trist, seier turgåar som fant personen.

Funn av død person på Sandsli i Bergen

TELT: Teltet stod då politiet sine krimteknikarar kom til staden sundag kveld.

Foto: Bergen Foto og Media

Sundag var Turid Mjåtveit ute og leita etter ein sakna dachshund i et område på Sandsli saman med hunden sin Ask og ei venninne.

Hunden hennar har i eitt år trena for å bli redningshund.

– Me delte oss ved bybanestoppet. Eg gjekk innover i skogen og hunden min markerte på eit telt.

Ask, hund som fant lik i telt på Sandsli i Bergen

Hunden Ask i området der han markerte på teltet der det vart funne eit lik.

Foto: Privat

Mjåtveit fortel at glidelåsen til teltet var vanskeleg å få opp, og at ho derfor trudde teltet hadde vore igjen lenge.

Før eg opna teltet tenkte eg på at det kunne vera ein person der inne, og at vedkommande kunne vera død.

– Då eg opna teltet og så inn såg eg ein død person, og ein del bøker.

Ho forklarer at teltet berre var rundt 40–50 meter frå bybanestoppet.

– Det eg sit igjen med no er at det er veldig trist. Eg tenkjer mest på kor kaldt samfunnet er.

Plass hvor politiet fant et lik i et telt på Sandsli i Bergen

Slik såg det ut måndag ettermiddag på plassen kor telta og den døde personen vart funnen.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

Veit ikkje om det er mann eller kvinne

Mjåtveit ringde politiet då ho gjorde funnet.

Liket var i svært dårleg forfatning, og politiet veit enno ikkje kven som er funne. Dei kan heller ikkje seia sikkert om det er ei mann eller ei kvinne dei har funne.

– Kvifor er identifiseringsarbeidet så vanskeleg?

– Det er grunna tilstanden på liket. Den tyder på at det har lege der i over eit år, seier politiadvokat Eli Andrea Skaar i Vest politidistrikt.

Død person funnen på Sandsli

Krimteknikarar starta undersøkingane sundag.

Foto: Lars Chr Wallace / NRK

Har funne pass og matvarer

I teltet har det mellom anna blitt funne matvarer og eit pass.

– Det er funne matvarer med dato. Det hjelper til med å seia noko om kor lenge liket har lege der, seier Skaar.

Passet som vart funne i teltet er eit norsk pass, opplyser politiadvokaten. Personen som eig eller har eigd passet har ikkje vore meldt sakna, seier ho.

– Det er truleg personen på passet som er funne, men det er ikkje sikkert, seier Skaar.

Politiet har forsøkt å koma i kontakt med passet sin eigar.

Har det skjedd noko kriminelt?

– Det er ikkje noko som tydar på det, seier Skaar.

Liket skal obduserast, men politiadvokaten seier ho ikkje har fått vita akkurat når det blir.

– Det plar å bli gjort i løpet av eit par dagar, seier ho.

Gravferdsbil Sandsli

Også eit gravferdsbyrå vart kalla til staden sundag.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK