Hopp til innhold

I natt kan det fryse på bakken... og snart er det Jonsok

Natt til tysdag trur meteorologen at det kan bli nattefrost i indre strok av Sogn og Fjordane. Ingen dramatikk, men høgst uvanleg, seier han.

Rimfrost

KANSKJE SLIK? Dette er heilt klart eit illustrasjonsbilete. Men slår meteorologen sitt varsel til, så kan det sjå ut slik på marka i natt.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

I serien av artiklar om det alt anna enn varme sommarvêret har vi måndag kveld kome til eit nytt høgdepunkt. Nattefrost natt til 9. juni.

– Det kjem an på kor mykje det klarnar opp på himmelen, men det er absolutt ein sjanse for at det kjem rim på bakken i løpet av natta, seier statsmeteorolog Frode Hassel til NRK.

Han legg på ingen måte skjul på at det er både uvanleg og uventa. Men han legg til at det ikkje ligg noko dramatikk i dette. I alle fall ikkje utover at ein gjerne skulle sett at rimfrosten heldt seg unna når vi helst vil unngå å sove vekk sumarnatta.

– Men temperaturane då, Hassel?

– Nei, kva skal ein seie ... Det blir ikkje noko å skryte av det heller. Kanskje kjem det opp i 12 til 14 grader einskilde stader. Men nokon sommarvarme blir det ikkje.

Utover dagen i morgon vil det stort sett vere opphaldsvêr. Men nord for Stad vil det kome inn nedbør i løpet av ettermiddagen.

PS! Skulle du vere vaken i natt og sjå at rimfrosten faktisk kjem? Ta gjerne eit bilete og send dei til oss på sf@nrk.no eller SF til 1987. Du kan også tagge bilete på Instagram med #nrksf.