Hopp til innhold

Trur dei har funne brannårsaka

Ei trebøtte på omnen i badstova starta truleg brannen i Førdehuset i førre veke. Flammane spreidde seg til veggen og så til taket.

Her starta brannen i Førdehuset

BRANNÅRSAK: Politiet meiner ei attgløymd bøtte på denne omnen var årsak til brannen

Foto: Politiet

Politiet har ikkje kjennskap til kven som har plassert bøtta der.

– Sansynlegheita er ganske stor for at ei bøtte på omnen har forårsaka brannen, seier Rognald Dvergsdal som er straffeansvarleg ved Førde lensmannskontor.

Totalskadd

Badstova vart totalskadd i brannen. Eit 20-tals ungdommar trente i bassenget då nokon brått kjende røyklukt. Badstova vart totalskadd i brannen.

– Det var som ein vegg av røyk. Heile gutegarderoben var røyklagt. Badstova stod i brann, fortalde Hans Fredrik Laache (18) til NRK etter brannen.

Alle naudetatane har rykka ut etter melding om brann i Førdehuset. Brannen er no sløkt og situasjonen er under kontroll.

Trur ikkje brannen var påsett

Politiet har ikkje grunnlag for å seie at bøtta blei plassert på omnen for å starte ein brann.

– Vi har ikkje opplysningar om at bøtta er sett på omnen med vitande vilje, seier Rognaldsen.

– Kva gjer de no vidare i saka?

–Saka blir no sendt til påtaleansvarleg for vurdering. I og med at vi ikkje har opplysningar som kan seie noko om det er noko grad av skuld her, blir saka truleg lagt vekk, seier Rognaldsen.