– Det er ingen elektriske anlegg i nærleiken og heller ikkje noko anna som tyder på at brannen har starta av seg sjølv, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen ved Vest politidistrikt.
Det var fire firehjulingar i containeren som stod like ved ATV-bana. Alle desse er utbrente. Politiet skal no sikre spor og snakke med vitne.
– Det er gjort funn på staden som indikerer at brannen er påsett.
Containaren var sikra med hengelås, men då brannen vart oppdaga var den brote av og døra stod open.
Ikkje fare for spreiing
– Ein container er nedbrent i Dale sentrum. Det har også brunne i nokre dekk ved sida av. Då brannmannskap kom fram til staden, var det framleis ein del røyk.
Brannmannskapa fekk raskt situasjonen under kontroll, og det er ikkje meldt om nokon dramatikk. Det skal ikkje ha vore fare for spreiing til bygningar i nærleiken.
Råkar klubben hardt
Firehjulingane høyrer til Fjaler og omegn motorsportklubb. Leiar Frode Hellebust tykkjer det som har skjedd, er trist.
– Det er forferdeleg trasig, og eg stiller meg uforståande til at noko slikt har skjedd.
Han var på fjellet då han fekk beskjed om brannen, men reiste rett til ATV-bana då telefonen kom.
– Vi har to containerar ved bana. Ein med utstyr og ein med firehjulingane. Begge har kraftige hengelåsar og desse er brotne opp. Vi har aldri opplevd noko liknande før, fortel han.
Køyretøya var til utleige og Hellebust trur totalsummen for dei og containeren er på rundt 150.000 kroner.
– Vi er ein klubb med 15 medlemmer, og vi har liten økonomi i klubben. Dette råkar oss hardt.