– Vi ser dei som skal ha fleire tusen kroner får å måle nivået på radon. Ei prøve som eigentleg kostar rundt 400 kroner, seier Dale.
– Kommunane får oversikt
NRK har dei siste dagane hatt fleire oppslag om det kreftframkallande stoffet radon. Gassen er årsak til om lag 200–300 krefttilfelle årleg i Noreg.
- Les meir:
- Les meir:
Målingar av radonførekomster vert gjort ved hjelp av sporfilm. Målingane bør gjerast over lang tid og helst i vinterhalvåret.
Dale fortel at gjennom samarbeidet folkehelseavdelinga har 13 kommunar gått saman og sett fokus på miljøretta helsevern og folkehelse.
Via ordninga til folkehelseavdelinga kan ein bestille sporfilm i posten, som man nokre månadar seinare returnerer til leverandøren. Som så sender deg prøvesvara.
– Svara går også tilbake til kommunen med gards- og bruksnummer. På denne måten kan også kommunen ha ei oversikt, seier Dale.
Kartlegger førekomsten av radon
Kommunane som er del av samarbeidet hadde i 2013 ein kontroll av alle barnehagar og skular i Sogn og Sunnfjord. Det vart gjort nokre funn av radon i Sunnfjord, men der er det no sett i verk tiltak.
– Men det er ikkje slik at born berre oppheld seg i offentlege bygg. Difor må folk som bur der det er fare for radon også måle heimane sine, seier Dale.