Hopp til innhold

Truga med fengselsstraff

Mangel på skriftleg saksførebuing, omgåing av intensjonen ved opplæringslova og trugsmål om fengselsstraff frå talarstolen. Mindretalet freste etter at heradsstyret la ned to ungdomskular i Kvam.

Kommunestyret i Kvam
Foto: Leif Rune Løland / NRK

I går vedtok Kvam heradsstyre med 15 mot 12 røyster å legga ned ungdomsskulane i Ålvik og Norheimsund.

Måten det skjedde på gjer at skulestriden i Kvam nådde nye høgder.

Kva meiner du? Diskuter saka nederst i artikkelen.

LES OGSÅ: En tøff uke for Kvam-ordføreren

- Vedtaket er ulovleg

Under den fem timar lange debatten truga Reidar Tolo, som representerer Høgre, fleirtalet med fengselsstraff frå talarstolen.

Med bøter eller fengsel i inntil 3 månader eller begge delar, blir den straffa som forsettleg eller aktlaust bryt krava i dette kapitlet...

Reidar Tolo som siterte opplæringslova § 9a-7

Etterpå rista han på hovudet og meinte nedlegginga var eit brot på Opplæringslova §9a :

- Dette vedtaket er det klaraste brotet på opplæringslova § 9a ein kan finna, rasa Tolo.

Han reagerer sterkt på at skulane vart lagt ned etter eit benkeforslag, noko som er i strid med opplæringslova.

For det var først etter at sakspaipira til møtet var klare, at ordførar Astrid Selsvold og ein annan arbeidarpartirepresentant snudde i saka og gjekk inn for å legga ned dei to skulane.

Derfor vedtok fleirtalet skulenedlegging utan skriftleg saksførebuing, meiner Tolo.

- Eg kan ikkje forstå at rådmannen kunne tillata dette, sukka Høgre-mannen oppgitt etter heradsstyremøtet.

Han får full støtte av Halvard Totland i Kvam Venstre. Han meiner det er ulovleg at skulane vart lagt ned utan at saka har vorte drøfta med tilsette og elevar.

Vedgår omgåing av intensjonen ved lova

- Dette er eit spørsmål om finjuss, som eg på ståande fot ikkje har full oversikt over, sa rådmann Harald Inge Andersen etter møtet.

Ettersom at rådmannen var usikker på om vedtaket om å legga ned skulane ville strida med lova rådde han politikarane frå å nemna dei to ungdomsskulane skriftleg i vedtaket. Sjølv om det ikkje er nokon tvil om kva skular vedtaket gjeld.

- Dette gjer at heradstyret har sitt på det tørre, seier Andersen.

- Men er ikkje dette ei omgåing av intensjonen med lova?

- Det er kanskje ei omgåing av intensjonen, men sjølv om ein omgår intensjonen har heradsstyet likevel sitt på det tørre.

Dermed la politikarane ned to skular, utan å skriva i vedtaket kva skular dette gjeld. Sjølv om ungdomsskulane i Ålvik og Norheimsund er historie –bygdekrangelen i Kvam lever i beste velgåande.