Hopp til innhold

Vart truga til å gje frå seg pengar - politiet prioriterte ikkje saka

Fleire titals personar skal ha vore utsett for dei såkalla «knivsliparane», som truga til seg pengar.

Helge Dyrrdal

VART TRUGA: Helge Dyrrdal vart oppsøkt av menn som kalla seg knivsliparar. Då han ikkje ville betale for utført jobb, vart han truga til å overføre pengane.

Foto: Vegar Erstad/privat / NRK/privat

Helge Dyrrdal i Ortnevik opplevde fredag at menn som framstilte seg som knivsliparar, truga til seg 50.000 kroner. Medan mennene stod over han, måtte Dyrrdal overføre pengane i nettbanken.

No viser det seg at han ikkje er åleine om å oppleve dette. Fleire titals personar skal ha vore utsett for det same, skriv firda.no:

Are Sæbø Øvreås gjekk med på å køyre til kontoret for å gjere ein transaksjon på 20.000. Svindlarane følgde i bilen bak.

– Eg fekk knipsa skiltnummeret med telefonen, og ringde politiet. Eg forklarte at eg hadde svindlarane etter meg og følte meg trua. Men då fekk eg beskjed om at det var ei sivilrettsleg sak, og ikkje eit politisak. Etter tre telefonar foreslo konstituert lensmann i Høyanger og Balestrand at eg betalte dei 3000 og kanskje blei kvitt dei, fortel han til avisa.

Overfor Firda seier fungerande politimeister Knut Broberg at bedrageri på generell basis ikkje er førsteprioritet.

Konstituert lensmann Kåre Jan Hofrenning i Høyanger viser til at dei har jobba med saka i ettertid, og at dei veit om liknande tilfelle i Høyanger og Gulen – i tillegg til andre stader i Hordaland, Sunnfjord og Nordfjord.