Trude Raad tok gull og ny verdsrekord i slegge

Trude Raad (27) frå Gloppen Friidrettslag kasta seg til ny verdsrekord og gull i Deaflympics i Tyrkia.

Verdsrekord og gull til Trude Raad
Foto: Caroline Dokken Wendelborg/ NIF

– Herregud! Dette er heilt vilt, seier 27-åringen til NTB etter kastet på 66,35 meter i verdas største idrettsarrangement for høyrslehemma.

Ukraina tok andre- og tredjeplassen i dagens konkurranse i den tyrkiske byen Samsun.

– Dette er heilt fantastisk! Trude imponerte stort i dag. Det ligg utallige treningstimar og hardt arbeid bak dette, så eg er så stolt, seier trener Jørund Årdal.

Deaflympics vert arrangeret i perioden 18. - 30. juli, og er dei 23. sommarleikane for døve. Over 3000 utøvarar frå 97 nasjonar konkurrerer i 21 idrettar. Norge har utøvarar i golf, friidrett, sykling, bowling og bordtennis.