Hopp til innhold

Trude Drevland malt med rumpa bar på russebuss

Då russejentene skulle bestemma kven av dei 30 forslaga som skulle malast på baken til bussen, var svaret tydeleg. Trude Drevland er sjølv i ekstase.

Trude Drevland bak på russebussen Madammen i Bergen

KVEN STYRER SHOWET?: For jentene på Madammen er det Trude Drevland som styrer showet.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Finare rumpe har eg aldri hatt, seier Trude Drevland.

Ei teikning av den tidlegare bergensordføraren prydar no bakenden på russebussen «Madammen» frå Bergen.

Drevland er særs nøgd med detaljrikdomen i måleriet.

– Den var svært vakkert malt. Eg er kledd i ein lekker lilla kjole. Eg elskar lilla, seier ho, og legg til at det er ei heidersnemning at dei har vald å mala ei 73 år gamal dame bakpå bussen.

Kven styrer showet?

Dei 26 jentene i bussen hadde 30 namn på blokka over kven dei skulle ha bakpå «Madammen». Tidlegare hadde dei «Showet» som namn.

– Me stilte oss spørsmålet «Kven er det som styrer showet?» Madammen styrer showet. Sånn fann me ut at Trude Drevland er perfekt til å vera «madammen» vår, seier Oda Møen frå Nordahl Grieg vidaregåande skule.

– Det er veldig gøy at ho ville vera med på det. Ho er veldig livleg og eit godt førebilete for oss. Ho er ei flott dame, og så ville me ha ei som aksepterte å ha rumpa ute og synest det er morosamt, seier Mia Midthun.

Trude Drevland med rumpa bar på russebuss

VIL RULLA: Drevland håpar ho også kan få vera med på ein tur inni bussen, ikkje berre utanpå den.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Jentene har fått gode reaksjonar på biletet.

– Alle eg veit synest det har vore ein vittig og annleis ting å gjera, seier Møen.

– Det er utruleg morosamt at ho ville vera med på det. Det vart mange overraska over, seier Midthun.

Oda Møen og Mia Midthun på russebussen Madammen i Bergen

KLART VAL: Oda Møen og Mia Midthun samt dei 24 andre jentene på bussen hadde 30 namn på blokka. Til slutt fall valet på Trude Drevland.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Spurte etterpå

Det var fyrst etter at Drevland var malt på bussen at jentene tok kontakt med hovudpersonen.

Dei fekk kontakt med henne på Instagram. Torsdag vitja ho bussen.

– Ho hadde ein morosam reaksjon, og synest det var gøy, seier Midthun.

Bussen står no på ein hemmeleg stad, slik at den ikkje skal bli utsett for hærverk. Det er Børge Brekke og Thomas Stønjum i Asker Farvehandel som har malt Drevland.

Trude Drevland har signert rumpa si på russebussen Madammen

SIGNATUR: Torsdag vitja Trude Drevland bussen, og la att signaturen sin på bakparten.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Lånte rumpe på nettet

Biletet er basert på eit instagraminnlegg Drevland delte i haust, men då viser Drevland verken rumpa eller fingeren. Rumpa er lånt på nettet.

Drevland synest det er heilt greitt å bli portrettert med langfingeren i været.

– Kven eg gir fingeren har eg lurt på. Men av og til har eg hatt lyst, så det er greitt at dei gjer det for meg, seier ho.

– Så kan ein berre leita i fleng etter kven eg har lyst å visa fingeren til.

Drevland har sett krav om å få vera med å rulla.

– Eg håpar dei får mogelegheit til å rulla. Min føresetnad til å bli malt i den posituren, var å få bli vera med å rulla ein gong, seier ho.