Hopp til innhold

Frontruta knuste – trudde bilen skulle blåse på havet

Ekteparet slapp frå det med skrekken, men skiboksen forsvann på havet. Kona frykta bilen skulle fare same vegen.

Karen og Karl Holvik.

TATT AV VINDEN: Ekteparet Karen og Karl Holvik må kjøpe seg ny skiboks etter turen over Måløybrua i dag.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Ekteparet Karen og Karl Holvik var blant dei som fekk smake på vinden sine herjingar på kysten i ettermiddag. Den pensjonerte fiskeskipperen og kona køyrde med bilen sin i same køen som lastebilen som velta på Måløybrua i ettermiddag.

Då køen stoppa på grunn av lastebilvelten, gjekk Karl ut av sin eigen bil for å sjå kva som skjedde. Åleine att i bilen sat kona Karen då det small.

– Det kom eit slikt vindkast som eg ikkje har opplevd maken til. Så byrja takboksen å slå i vindauget. Det vart berre verre og verre, og så knuste takboksen frontruta og fauk av garde. Då tenkte eg at no fer bilen, fortel Karen.

– Eg heldt meg fast. Vindauget på førarsida var ope. Eg tenkte at viss bilen fell i sjøen, så er i alle fall det vindauget ope. Eg var redd, seier Karen tydeleg prega av hendinga då NRK snakkar med ekteparet heime i garasjen tysdag kveld.

Halve skiboksen forsvann på havet.

FORSVANN. Dette er alt som er igjen av skiboksen til ekteparet.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Over 50 meter i sekundet

Ektemannen fortel at vindstyrken låg på mellom 30–32 meter i sekundet då dei køyrde over brua. Men akkurat vindkastet kona opplevde åleine i bilen, fekk sjølv den erfarne fiskeskipperen til å kome seg inn att i bilen.

– Eg såg vindkastet kome. Men det kastet vil eg tippe at var over 50 meter i sekundet. Det var utruleg friskt. Det var så vidt eg kom meg inn att i bilen, fortel han med stor ro.

Berging onsdag

Etter ei lita stund kom dei seg tilbake til heimen. Verre gjekk det med lastebilen som velta og vart liggjande på brua. Ifølgje politiet kan ikkje bergingsarbeidet starte før vinden roar seg.

– Vi vil starte bergingsarbeidet tidlegast onsdag morgon når dagslyset kjem. Inntil då vil det vere manuell dirigering av trafikken, opplyser innsatsleiar i politiet, Morten Hagen, seint tysdag kveld.

Fleire meiner varslingssystemet må svikta då bommen opna og slapp forbi trafikken medan vinden var på det verste i ettermiddag.

Måløybrua

VELTA: Lastebilen som frakta blomar vart slept av ein bergingsbil då vinden tok tak og velta den.

Foto: POLITIET

– Vi må rekne med slikt når vi bur her

Derimot er det ikkje råd å berge skiboksen til ekteparet Holvik. Saman med nokre ski forsvann den nordover sundet.

– Den er ikkje noko å sørgje over. Ein ny skiboks skal vi alltid få tak i. Og den knuste frontruta har eg alt bestilt reparasjon av. Vi må rekne med slikt vi som bur på slike stader, seier den sindige fiskaren.

Spora etter skiboksen er godt synlege i frontruta.

HAR BESTILT REPARASJON: Skiboksen knuste frontruta før den forsvann på havet.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Kona:–Vi bur jo i Måløy

Kona vedgår at ho derimot er litt meir skjelven enn mannen.

– Uro og uroa. Eg kjem nok i alle fall til å følgje med på vindstyrken neste gong. Eg har no budd her i 50 år snart, men eg har ikkje opplevd noko slikt før. Men det går nok bra når vi får summa oss litt. Vi bur jo i Måløy, humrar Karen Holvik.