Hopp til innhold

Trua ambulansepersonell med våpen

Politiet har kontroll på mannen som skal vera i slutten av 20-åra.

Fyllingsdalen

Klokka 09.08 rykka fleire væpna politipatrulje ut til Lillehatten i Fyllingsdalen i Bergen.

Ei mor var uroa for sonen sin som var rusa og som ho ikkje fekk kontakt med.

– Då ambulansepersonell kom til staden, hadde han plutseleg byrja å trua dei med eit våpen som vi trudde var ein pistol, seier operasjonsleiar Preben Wallestad i Hordaland politidistrikt.

Våpenet var eit softgun

Ambulasepersonellet trakk seg då litt tilbake og politiet overtok situasjonen og byrja å prate med mannen som skal vere i slutten av 20-åra.

Litt før klokka 10.00 hadde politiet fått kontroll på mannen.

Politiet var lenge usikre på om pistolen var ekta eller ein kopi, men det viste seg å vera eit softgun.

Laster Twitter-innhold