Hopp til innhold

Tru og tradisjon står sterkt i fylket

EIKEFJORD (NRK): Sogn og Fjordane har størst del døypte og konfirmerte i landet. På Eikefjord skule skal heile 11 av 13 konfirmere seg i kyrkja.

Eikefjord skule

STORT FLEIRTAL: Heile 11 av 13 elevar ved Eikefjord skule har valt kyrkjeleg konfirmasjon.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK

– Eg trur på Jesus, men av og til gjer eg det ikkje, seier Thea Louise Esp.

Niandeklassingen har i år tatt eit viktig val.

– Eg hadde ikkje lyst på humanetisk, eg hadde liksom bestemt meg for at eg ville ha kristeleg, legg ho til.

Familien min seier eg er modig. Alle andre av både familie og venner har valt kristleg

Mildrid Taklo

Sterk tradisjon

Og ho er ikkje åleine. Heile 11 av 13 niandeklassingar ved Eikefjord skule har valt kyrkjeleg konfirmasjon.

– Eg trur mange vel kristeleg konfirmasjon grunna tradisjon. Nokon tør kanskje ikkje skilje seg ut, medan andre har foreldre som vil at dei skal ta kristeleg og kjenner det som ei plikt, fortel Trygve Samdal og Solveig Knapstad.

Begge er dei kristne og fann det naturleg å skulle konfirmere seg i kyrkja.

Flest kristelege konfirmantar i landet

På landsbasis toppar Sogn og Fjordane lista over kor mange som konfirmerer seg i kyrkja. Heile 88,4% av alle døypte konfirmerer seg her, mot 71,5% i Hordaland. Kateket og konfirmasjonsansvarleg i Førde kyrkje, Heidi Voltersvik Styve, meiner storleiken på fylket kan ha noko å seie.

– Sogn og Fjordane er ikkje så stort fylke og har difor ikkje så stor påverknad av andre religionar og trendar. Dessutan er det ikkje så mange alternativ; skal ein ha noko anna enn kyrkja greier ein ikkje alltid lage eit eige opplegg for dette på små plassar. Då ein bli nøydd til å reise langt. Det trur eg kan vere med å stoppe nokon frå å velje noko anna.

Familie meiner ho er modig

Mildrid Taklo og Julie Hausberg er to av dei 13 som har valt humanetisk konfirmasjon. Valet kom naturleg då dei ikkje trudde på Gud.

– Familien min seier eg er modig. Alle andre i familie og venner har valt kristeleg, seier Taklo.

Ho eller Hausberg har ikkje kjent på noko gruppepress eller at valet var vanskeleg å ta. Dei meiner likevel at det er mange som vel kristeleg konfirmasjon sjølv om dei ikkje er kristne.

– I nokre familiar kan ein kanskje få litt meir pengar om ein vel kristeleg konfirmasjon, seier Taklo

– Det kan ha noko med tradisjon, at foreldre vil at du skal ha konfirmasjon i kyrkja, legg Hausberg til.

Men er det ikkje ditt val?

– Jo, men du kan kanskje kjenne press på deg til å velje kristen konfirmasjon, seier han