Hopp til innhold

Trivst i mørket

Brageprisvinnar Brynjulf Jung Tjønn har freista å skrive morosame, lyse og lette tekstar, men innser at det er i mørket han trivast best.

Brynjulf Jung Tjønn

Kontrastar: Brynjulf Jung Tjønn trivast med lyse lette fargar i huset sitt, men som forfattar trivast han best i mørket.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Det heile er litt merkeleg. Eg hadde ein lykkeleg og fin barndom i Feios i Vik i Sogn. Likevel trivst eg best litterært i det mørke landskapet, seier forfattar Brynjulf Jung Tjønn tenksamt.

Vi møter han heime i eit lyst og triveleg rekkehus i Ullevål Hageby i Oslo. Der bur han med kone, tre born og epletre i hagen. I vår gav han ut barneboka Den finaste historia. I 2013 vann han Brageprisen for boka Så vakker du er. Akkurat no held han på å ferdigstille ein ny roman. Felles for desse og det meste av forfattarskapen til Tjønn er død og mørke.

LES OGSÅ: Heilt utmatta av å sjå si eiga bok som teater
LES OGSÅ: Har funne tilbake til nynorsken

Veit lite om sine første leveår

Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn frå Feios poserer her i samband med promotering av boka Kinamann.

Foto: Saeculo

– Eg trur det har å gjere med at eg er adoptert og at eg ikkje kan gjere greie for kva som skjedde dei første åra av livet mitt, forklarar Tjønn.

Han er adoptert frå Sør-Korea og kom til Noreg som treåring. Kva som skjedde før den tid veit han lite om. I 2011 reiste han til Korea for å finne ut meir. Men det gjekk ikkje heilt slik han hadde håpa.

– Eg fann ingen papir på kvar eg kan ha kome ifrå eller kven familien min er. Men eg oppdaga at eg vart funnen på ein togstasjon då eg var to år. No sit eg at med endå fleire spørsmål. Hadde foreldra mine gått ifrå meg på togstasjonen? spør Brynjulf undrande.

LES OGSÅ: Se hvem som er nominert til Brageprisen

Tryggare på seg sjølv

Etter turen til Korea har Tjønn fått ei betre forståing for kvifor han skriv som han skriv. Han seier han ofte tidlegare har tenkt at han må bryte ut og skrive lysare og meir positivt, utan at han heilt har fått det til å svinge.

– No kjenner eg meg trygg på at eg skal fortsette å skrive om det som inspirerer meg og då er det heilt greitt å vere i det mørke landskapet, seier Tjønn.

Han forklarar at det kjennest frigjerande å skrive om død og familiar i oppløysing. Då får han ut dei mørke sidene i seg sjølv gjennom skriving. Også kan han vere ein hyggeleg familiefar elles.